Dardiske språk utgjer ein av dei fire hovudgreinene i den indoariske språkfamilien, som sjølv høyrer til dei indoeuropeiske språka.
Språka blir snakka i austre Afghanistan, nordre Pakistan og dei omstridde, hovudsakleg indiske områda Jammu og Kashmir. Dei er alle lite kjende minoritetsspråk, bortsett frå kasjmiri, som er eit offisielt nemnd språk i India.
Omgrepet «dardisk» kjem frå Herodot sitt namn på landet i dagen nordaustre Afghanistan, Dardikae. Fleire folk som kjem frå nærliggande område er blitt kalla dardarar.
Dardiske språk er typisk blitt definerte som ei undergruppe av indoariske språk med sterk påverking frå nuristanske og iranske språk. Nuristanske språk blei lenge rekna med til den dardiske gruppa, men er etter studium av den norske lingvisten Georg Morgenstierne på 1970-talet blitt rekna som ei eiga gruppe.
Alle dei dardiske språka har blitt påverka av mektigare nabospråk, slik at dei kan vera vanskelege å klassifisera samla. Dei blir gjerne tala av mindre grupper i område som kan vera uframkomelege på grunn av fjellterreng eller på grunn av væpna konfliktar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dardiske språk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.