Nuorttanaste ('Auststjerna') er det eldste samiske bladet som framleis kjem ut, frå 1898.
Det vart gjeve ut av Den evangelisk-lutherske frikyrkja. Den første redaktøren var Gustav F. Lund frå Talvik.
Nuorttanaste | |||
| |||
Oppretta | 1898 | ||
---|---|---|---|
Språk | nordsamisk | ||
Nettstad | http://www.nuorttanaste.no |
Nuorttanaste blir redigert etter Friis-rettskrivinga, rettskrivinga til Bibelen frå slutten av 1800-talet. Då Bergsland-Ruong-rettskrivinga kom ut gjekk også Nuorttanaste over til den rettskrivinga, men på grunn av protestar gjekk dei attende til Friis-rettskrivinga. I dag blir ein del artiklar skrive på 1979-rettskrivinga, men for det meste er det Friis si rettskriving som gjeld.
I dag kjem Nuorttanaste ut i Karasjok som eit samarbeid mellom Frikyrkja og Norges Samemisjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nuorttanaste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.