Nipigga Stingsild: Fiskeart

Nipigga stingsild (Pungitius pungitius) er ei lita stingsild som finst i ferskvatn nord i Europa og Nord-Amerika.

Nipigga stingsild
Nipigga stingsild
Nipigga stingsild
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Nipigga stingsild
Utbreiinga av Nipigga stingsild
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Cottoidei
Infraorden: Gasterosteales
Familie: Stiklingar Gasterosteidae
Slekt: Pungitius
Art: Nipigga stingsild P. pungitius
Vitskapleg namn
Pungitius pungitius

Ein treffer òg på han i brakkvatn i Austersjøen og i saltvatn langs kysten av Nordishavet. Arten er den minste ferskvassfisken me har i Noreg.

Kjenneteikn

Den nipigga stingsilda er lett å skilje frå trepigga stingsild på at ho er mindre og har fleire piggar på ryggen. Som regel er det 7-12 av dei, og dei er òg mindre og veikare enn piggane til den trepigga. Vanlegvis manglar nipigga stingsild òg beinplatene den trepigga stingsilda har langsmed sidene.

Nipigga stingsild er olivengrøn til brun på ryggen, men hannane vert noko mørkare i gytetida. Dei er små fisk, som sjeldan vert stort lenger enn 3–4 cm. Store eksemplar har likevel vorte målt heilt opp i 90 mm.

Levesett

Nipigga stingsild er avhengig av vassvegetasjon i større grad enn trepigga stingsild, og lever helst i næringsrike innsjøar, bekkar og elver. Dei finst helst på heilt grunt vatn, og finst frå tid til annan òg i ope vatn over sandbotn. Saltvassbestandar er anadrome.

Nipigga stingsild et hovudsakleg små virvellause dyr, men kan òg ta rogn og fiskeyngel. Samanlikna med trepigga stingsild et ho meir plankton og mindre botndyr. Dette varierer rett nok frå populasjon til populasjon.

Kjønnsmogne hannar er særs territoriale, og byggar sylinderforma reir festa eit stykke oppe i vassvegetasjonen i mai-juni. Som byggemateriale brukar dei ymse plantedelar. Etter om lag to veker klekker dei 50-200 egga, og yngelen er kjønnsmogen etter ca eit år. Hoer veks fortare og vert eldre enn hannar.

Kjelder

  • Dolmen & Koksvik: «Stiklingfisker» i Norges Dyr - Fiskene 1
  • FishBase

Tags:

AustersjøenEuropaFerskvatnNord-AmerikaNordishavetNoregStingsild

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SvartehavetMogopPablo NerudaMarina KiehlGet Lucky av Mark KnopflerVest-TysklandTorstein FlakneHal LindesAmazon.comIntellektuellHamrinsjøenRobbie WilliamsMcDonald’sSandsøya i Sande19981435Frisk Asker Ishockey17951619LundefuglListe over primtalAnne-Karine StrømMaria MenaDelaware Art MuseumObelisk27-årsklubbenWayback MachineIonaKattugleRoald Øyen1965Beltegrader i judoToscakakeKarplantarTetovoDet nederlandske kvinnelandslaget i fotballMikhail BulgakovBangladeshArena BirminghamShetlandsøyaneRussell CroweSaint Andrew Parish på JamaicaSneppålStillitsSionismeJerusalemByen BremenKulturrevolusjonen9. oktoberJesu sju ord på krossenBrothers in Arms av Dire Straits2024Jonas Gahr StøreDélta i ThessaloníkiDet argentinske kvinnelandslaget i fotballMaybe BabyKommunismeGabrielLove Me av Buddy HollyRådyrBolsjevikVictoria av StorbritanniaBjørnøyaHenny MoanIndonesiskCyanVM i fotball 2022VerdshandelsorganisasjonenDen generelle relativitetsteorienDen guddommelege komedieIsraelFotball-VM 1982Sagaen om IsfolketFylkesveg 363UigurarMartine LundeYatzyMat🡆 More