Slimormar (Nemertea) er ei rekke triploblastiske dyr med bilateralsymmetrisk kroppsplan.
Slimormar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Slimormar Nemertea Schultze, 1851 |
Alle artane er botnlevande marine predatorar som fangar byttet sitt med ein lang og karakteristisk proboscis («snabel»). Gruppa omfattar for det meste veldig små dyr, men det er òg her me finn den lengste levande organismen som finst: kjempeslimormen Lineus longissimus kan bli heile 60 m lang i utstrekt tilstand.
Slimormar har lukka blodkarsystem og gjennomgåande tarm. Dei er usegmenterte, og har ein lang proboscis («snabel») dei kan trekka inn i svelget og skyta ut. Nokre artar har òg ein giftig pigg på snabelen sin.
Slimormar er hermafrodittiske, men formeirar seg kjønna.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slimormar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.