Anna Maria Ehrenstrahl (4.
september 1666–22. oktober 1729) var ein svensk målar under barokken. Ho var dotter av David Klöcker Ehrenstrahl, og måla som han allegoriar, portrett og gruppeportrett.
Anna Maria Ehrenstrahl | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 4. september 1666 Stockholm |
Død | 22. oktober 1729 (63 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrettmåleri |
Far | David Klöcker Ehrenstrahl |
Anna Maria Ehrenstrahl på Commons |
Anna Maria Ehrenstrahl var fødd i Stockholm som dotter av David Klöcker Ehrenstrahl og Maria Momma.
Ho fekk undervising i målarkunst av far sin, og arbeidde tidleg som assistent i verkstaden hans, ved å måla detaljer på måleria hans. Han gav henne også ateliéroppdrag. Ho laga ei rekkje kopiar av verka hans. I samtida var kopiering av kunst ei høvesvis respektert og lukrativ kunstform.
Anna Maria Ehrenstrahl gifta seg i 1688 med Johan Wattrang (1652–1724), visepresident i Svea hovrätt. Giftarmålet gjorde at ho ikkje trengde å måla for å forsørga seg, men ho fortsette likevel å vera verksam som kunstnar heile livet. Ho tok tidvis også imot oppdrag mot beatling. Ho verker ha vore ein respektert kunstnar i samtida.
Mykje av kunsten som er bevart etter Ehrenstahl er kopiar av faren sine verk, blant dei eit portrett av Karl XI. Ein kjenner også til ein allegori av dei fyra årstidene frå 1687, eit gruppeportrett, Amor og Psyche, eit barneportrett av prins Ulrik (1685), portrett av Ulrika Eleonora av Danmark og Amalia Königsmarck og ulike gouachemåleri av dyr. Ho laga også eit måleri av dei to prinsane Fredrik og Karl Gustaf, som døydde som småbarn.
I 1717 skjenkte Anna Maria Ehrenstrahl seks måleri av tidlegare presidentar til Svea Hovrätt. Desse er signerte med hennar eige namn. I samband med gåva skreiv Sophia Elisabet Brenner eit hyllestdikt til henne, der ho omtalar begge som kvinnepionerar i kvar si kunstgrein i Sverigen:
Ehrenstrahl er representert mellom anna ved Nationalmuseum i Stockholm. Ho var representert ved Föreningen Svenska Konstnärinnor si utstilling i Stockholm i 1911 med eitt av portretta sine.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Anna Maria Ehrenstrahl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.