Mayahieroglyfar eller maya-glyffar viser til skriftsystemet brukt av mayaene i prekolumbisk tid.
Det er eit logografisk system sett saman av kompliserte glyffar som blei målte på barkepapir, veggar og keramikk, skore ut i tre og stein, og forma i stukk.
Dei eldste inskripsjonane som klart kan kallast Maya-glyffar er frå det første hundreåret f.Kr., og skrifta blei brukt jamnt fram til dei spanske conquistadorane kom til på 1500-talet.
Den primære kjelda til kunnskap om maya-glyffane var biskop Diego le Landa sitt manuskript Relación de las Cosas de Yucatán, der han sette opp ei liste over maya-glyffar og lydar assosierte med desse lydane. Land var sentral i øydelegginga av maya-tekstar, og når han arbeidde med glyffane var det for å lage eit latinbasert alfabet for mayaspråket yucatekisk maya.
Landa sitt arbeid var gløymt i fleire hundre år, og kunnskapen om skriftsystemet gjekk tapt blant maya-indianarane, sannsynlegvis på slutten av 1500-talet. I staden la vestlege forskarar frå og med slutten av 1900-talet vekt på mayaene sine matematiske kunnskapar, og dei vart i stand til å dechiffrere maya-tala, og dei gjekk så langt som å hevde at hieroglyffane ikkje representerte språk i det heile.
Gjennombrotet for dechiffreringa kom med Jurij Knorosov, som som ung sovjetisk soldat i Berlin hadde komme over Landa sitt gamle manuskript og tatt det med seg til Leningrad. Der studerte han egyptologi og sette seg inn i andre hieroglyff-system. I 1952 publiserte Knorosov ein artikkel om hieroglyff-systemet, der han viste at hieroglyffane i tillegg til det logografiske innhaldet også hadde ein sentral fonologisk komponent.
Artikkelen kom ut midt under den kalde krigen, på russisk, og i Sovjetunionen, med den den gong obligatoriske innleiinga med panegyrisk hylling av Stalin, og ei (redaksjonell) utskjelling av mislykka vestleg forsking (Knorosov sjølv gjekk ikkje med i slik polemikk). Han hadde dermed mange odds mot seg, og nestor i maya-forskinga, J. Eric S. Thompson, som stod bak det dominerands synet på hieroglyffane som ideografiske, vart også ein motstandar av Knorosov sine teoriar, og som i praksis bremsa arbeidet med dechiffferinga i fleire tiår.
Knorosov sitt arbeid vart tatt opp av Tatiana Proskouriakoff, ein russisk-fødd forskar frå USA. Ho kombinerte Knorosov sitt arbeid med historisk innsikt frå maya-perioden, og kunne vise at datoane i ein viss innskrift faktisk representerte viktige biografiske datoar i livet til ein historisk person, heller enn astronomiske hendingar.
Eit nytt gjennombrot kom i 1973, då ei gruppe forskarar møttest i Yucatan med utgangspunkt i Knorosov og Proskouriakoff sine teoriar, og var i stand til å lese fleire og fleire tekstar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mayahieroglyfar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.