Dekkfrøplantar er den yngste og største rekkja av frøplantar.
Dekkfrøplantar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Klade: | Dekkfrøplantar Angiospermae |
Dekkfrøplantane skil seg frå nakenfrøplantar ved at dei har blomar med frøemne som sit i ein lukka behaldar, fruktknuten. Blomen, som kan befruktast på ulike måtar, har gjort at rekkja har kunne spreia seg over heile verda og utvikla seg til mellom 225 000 og 400 000 artar. Plantane er også særs viktige for menneske, som særleg bruker mange av fruktene deira.
Den eldste kjende dekkfrøplanten er frå krittida og voks for rundt 125 millionar år sidan. Det er også funne stoff som tyder på at dekkfrøplantar var til for 250 millionar år sidan, under permtida.
Tradisjonelt har ein delt dekkfrøplantane inn i to klassar: tofrøblada og einfrøblada. Moderne DNA-baserte metodar har vist at denne todelinga er for enkel. Mens einfrøblada kan forsvarast som ei monofyletisk gruppe, blir dei tofrøblada delt opp i fleire ubeslekta grupper. Desse gruppene har ennå ikkje fått formelle namn, men kan grovt delast inn i desse gruppene: «Urdekkfrøa», ei lita gruppe som nolevande former av dei eldste dekkfrøplantane. Frå denne gruppa kjem einfrøblada plantar (Liliopsida); ei gruppe som inneheld magnoliafamilien (Magnoliaceae), laurbærfamilien (Lauraceae), holurtfamilien (Aristolochiaceae) og peparfamilien (Piperaceae); og ekte tofrøblada (Eudicotyledonae), der ein mellom anna finn soleiefamilien, rosefamilien, erteblom- og korgplantefamilien.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dekkfrøplantar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.