Latgale eller Latgalia (latvisk Latgale, latgalisk dialekt Latgola) er ein av fire kulturelle regionar i Latvia som er nedfelt i grunnlova.
Han er den austlegaste regionen nord for elva Daugava. Medan det meste av Latvia er protestantisk er Latgale hovudsakleg romersk katolsk.
Regionen har ein stor folkesetnad med etniske russarar, særleg i Daugavpils, den største byen i regionen. Mange av russarane som budde i Latgale før det kom under Sovjetunionen var gammaltruande. Rēzekne, ofte kalla hjarte av Latgola, Krāslava og Ludza er andre store byar i regionen, som òg har ein kviterussisk minoritet. I tillegg er det framleis ein større polsk minoritet (Daugavpils har nesten like mange polakkar som latviarar).
Regionen er ein av dei fattigaste i EU og i motsetnad til det resten av Latvia var majoriteten av veljarane imot EU-medlemskap i folkeavstemminga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Latgale, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.