Livland

Livland er eit historisk landskap i Baltikum som var busett av austersjøfinsktalande livarar frå området Metsepole med senter i Turaida.

Den viktigaste herskaren i det gamle Livland var Kaupo.

Livland
Europa på 800-talet

Under det liviske krosstoget vart det gamle Livland kolonisert av Broderskapet av Kristi Riddarar i Livland, seinare berre kalla Sverdbrodarordenen og namnet Livland vart så nytta om eit mykje større område, Det liviske forbundet på austkysten av Austersjøen, som i dag er Latvia og Estland. Livland grensa mot Rigabukta og Finskebukta i nord, Peipussjøen og Russland i aust, og Litauen i sør.

Livland var busett av forskjellige baltarar og austersjøfinsktalande folk og styrt av ein øvre klasse av baltiske tyskarar. Etter kvart vart noko av adelen polonisert inn i den polsk-litauiske adelen (Szlachta) eller russifisert inn i den russisk adelen (Dvorjanstvo).

Historie

På 1100-talet var Livland eit område der danskane og tyskarane utvida dei økonomiske og politiske områda sine, særleg gjennom Hansaen og cisterciensarordenen. Rundt 1160 oppretta hansakjøpmenn frå Lübeck ein handelspost nær staden der Riga seinare vart grunnlagd av Albrecht von Buxthoeven i 1201. Han gav ordre om å få bygd ei domkyrkja og vart den første fyrstbiskopen av Livland.

Det liviske krosstoget

Livland 
Baltiske stammer, om lag 1200
    For meir om dette emnet, sjå Det liviske krosstoget.

Henrik av Livland sine krøniker frå 1220-åra gjev ei førstehandsforteljing om kristninga av Livland som vart gjeve som eit len av Hohenstaufenkongen av Tyskland, Filip av Schwaben, til biskop Albert av Buxthoeven, nevøen til erkebiskopen av Bremen. Han segla med ein konvoi med væpna krossfarar for å opprette eit katolsk område i aust under det liviske krosstoget.

Klosterstaten til Den tyske riddarordenen

Livland 
Klosterstaten til Den tyske riddarordenen.

Frå 1236 bestod Livland av følgjande inndeling:

  • ein stat styrt av Sverdbrodarordenen grunnlagd av Albert i 1202, som vart slått i lag med Den tyske riddarordenen i 1237;
  • Erkebispedømet Riga (sidan 1255);
  • Bispedøma Kurland, Ösel-Wiek og Dorpat, der bror til Albert, Hermann sette seg sjølv inn som fyrstbiskop (Det liviske forbundet).

Det liviske forbundet

Livland 
Det liviske forbundet om lag 1260

Forskjellige statar i Livland og i dagens Estland vart samla saman i Det liviske forbundet frå 1228 til 1560-åra. Det liviske forbundet var eit forbund av sjølvstendige statar. Ein riksdag eller Landtag vart oppretta i 1419. Byen Walk vart vald som stad for riksdagen.

Hertugdømet Livland

I 1561 under den liviske krigen fall Livland inn under Storhertugdømet Litauen som ein vasallstat. Åtte år seinare, i 1569 då Storhertugdømet Litauen og Kongedømet Polen vart slått saman til Den polsk-litauiske realunionen vart Livland ei kort tid styrt direkte under kongen og storhertugen .

Kongedømet Livland

Russland respekterte først i 1582 polsk-litauisk kontroll over Livland. I 1598 var Livland delt inn i:

  • Wenden voivodskap (województwo wendeńskie, Cēsis / Wenden)
  • Dorpat voivodskap (województwo dorpackie, Tartu / Dorpat)
  • Parnawa voivodskap (województwo parnawskie, Pärnu / Pernau / Parnawa)

Svensk Livland

Livland 
Den polsk-litauiske realunionen med inndelingane etter freden i Deulino i 1618, vist oppå dagens landegrenser.
██ Krona ██ Hertugdømet Preussen, polsk len ██ Storhertugdømet Litauen ██ Hertugdømet Kurland, litauisk len ██ Hertugdømet Livland ██ Svensk Livland og Dansk Livland

Sverige fekk kontroll over det nordlege Estland og dei sentrale latviske områda av Livland, inkludert Riga, etter å ha kjempa i den polsk-svenske krigen i 1620-åra. Det vart innlemma i Sverige som Svensk Livland.

Livland voivodskap

    For meir om dette emnet, sjå Livland voivodskap.

Livland voivodskap (latvisk Livonijos vaivadija; polsk Województwo inflanckie) var ei administrativ eining med lokalt styre i was a unit of administrative division and local government in the Hertudømet Livland, ein del av Den polsk-litauiske realunionen, etter at det vart oppretta 1620-åra ut frå Wenden voivodskap og fram til den første delinga av Polen i 1772.

Inflanty

    For meir om dette emnet, sjå Inflanty.

Delen av Livland som vart verande ein del av den polsk-litauiske realunionen etter Oliva-traktaten i 1660 vart kjend som Polsk Livland eller Inflanty. Det bestod hovudsakleg av det sørlege latviske området Latgale i Livland voivodskap med hovudstad i Daugavpils, eller Dyneburg.

Riga gubernija

    For meir om dette emnet, sjå Riga gubernija.

Det russiske keisardømet erobra Svensk Livland under den store nordiske krigen og det vart annektert som følgje av Nystad-traktaten i 1721. Russland fekk så Polsk Livland i 1772 under delinga av Polen. Livland vart så ein del av Riga gubernija.

Livland gubernija

I 1796 vart Riga gubernija omdøypt til Livland gubernija (russisk Лифляндская губерния, Lifljandskaja gubernija, latvisk Vidzemes guberņa).

Guvernørgeneral av Estland, Livland og Kurland

Frå 1845 til 1876 vart dei baltiske guvernementa Estland, Livland og Kurland, eit område som grovt sett var det same som det liviske forbundet, administrativt underlagt ein felles guvernørgeneral. Av personar i stillinga finn ein grev Aleksander Arkadjevitsj Suvorov og grev Pjotr Andrejevitsj Sjuvalov.

Det sameinte baltiske hertugdømet

Livland 
Latvia rundt Riga, Estland rundt Tallinn i 1920
    For meir om dette emnet, sjå Det sameinte baltiske hertugdømet.

Livland vart verande ein del av Det russiske keisardømet fram til slutten av den første verdskrigen då det vart delt mellom dei nyleg sjølvstendige statane Latvia og Estland. I 1918–1920 kjempa både sovjetiske troppar og det tyske Freikorps mot latviske og estiske troppar om kontroll over Livland, men dei vart stoppa.

Vidzeme i det sjølvstendige Latvia

I det sjølvstendige Latvia mellom verdskrigane vart det sørlege Livland ein administrativ region med det tradisjonelle latviske namnet Vidzeme, som omslutta dei då mykje større fylka Riga, Cēsis, Valmiera og Valka.

Baltikum

Det historiske landet Livland har vore delt mellom Latvia og Estland sidan den gong. Framleis er det folk som talar livisk i Latvia, men det er i ferd med å døy ut.

Merknadar

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Livland, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.

Tags:

Livland HistorieLivland MerknadarLivland KjelderLivland BakgrunnsstoffLivlandAustersjøfinske språkBaltikum

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bo WiderbergStyresettLike-til-likeTsjasiv JarMjøsaStord kommuneJonas LieCentral Intelligence AgencyEli Kari GjengedalEyvind JohnsonLavaJon FossePierre-Simon LaplaceMagnetisk feltstyrkeROBEKGuvernement i OmanDomingos CastroNykøbing MorsFrozenPlaneten MarsPolenTilsynelatande storleiksklasseRhinenEselCarl Philip av SverigeFilmserien Harry PotterHellerman RocksSamiske slektsnamnAtenSilje NordnesFaryngittEli Skolmen RygSpekkhoggarLamíaBukspyttkjertelenKenth EldebrinkHarriet BackerJordaValdresGjærHomogeniseringGesimsDickey BettsTalordGaukMuscatItaliaJesusTelemark fylkeAegisTysklandCharlène av MonacoVerdas lengste skihoppSunndalsøraPakistanVladimir PutinFarkadónaMax CarlRaudstrupeKvartalMaud av NoregAndre verdskrigenHans Majestet Kongens GardePýliKallífonoEllipsoideFranskZagorá-MourésiC++Eikefjord idrettslagAlderspensjonSamvirkelagHindugudar🡆 More