Lagasild: Fiskeart

Lagasild eller lågåsild (Coregonus albula) er ein fisk i laksefamilien.

Lagasild
Lagasild
Lagasild
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Underfamilie: Coregonidae
Slekt: Coregonus
Art: Lagasild C. albula
Vitskapleg namn
Coregonus albula

Ho er den norske ferskvassfiskearten som er best tilpassa eit pelagisk levesett, og liknar så mykje på sild at det kan vera vanskeleg å sjå nokon skilnad. Lagasilda har likevel feittfinne mellom rygg- og halefinnen, noko silda manglar.

Arten er utbreidd i nordvestlege delar av Europa til Uralfjella. Som regel finst han berre i ferskvatn, men finst i brakkvatn i Bottenvika. I Noreg finst han på Austlandet frå Mjøsa og sørover, i tillegg til spreidde bestandar langs kysten og i Pasvikelva. Ikkje alle bestandane er naturlege.

Namnet heng i samband med elva Lågen.

Kjenneteikn

Lagasilda er ei slank fisk med mørk rygg, blanke sider og kvit buk. Som så mange andre pelagiske plankton-etarar er ho underbitt med tett gjellegitter. Halefinnen er djupt kløfta og skjela er relativt store.

Vanlegvis er lagesilda 20-25 cm lang med ei vekt på om lag 100 g. Individ på opp til 45 cm og 1 kg er likevel kjend.

Levesett

Lagasild er ein utprega stimfisk som lever pelagisk i innsjøar. Dei lever hovudsakleg av krepsdyrplankton som hoppekreps og vasslopper gjennom heile livet, sjølv om dei òg kan ta ein del klekkande insekt.

Gytetida er om hausten, somme stader òg om våren. Dei går som regel eit lite stykke opp i ei elv før dei gyter dei små rogna sine på fast botn. Ein hofisk på 25 cm har om lag 7000-8000 egg. Ein reknar med at kvar hann gyter med fleire hoer; dei oppheldt seg iallefall på gyteplassen over lengre tid.

Yngelen blir klekt om våren og er litt over ein centimeter lang. Alle individa i bestanden veks om lag like fort, og vert kjønnsmogne samstundes. Kjønnsmogen fisk veks ikkje meir. Kor gamal og kor stor den vaksne fisken er varierer frå bestand til bestand.

Fiske

Det mest omfattande fisket i innlandet i Noreg skjer i Mjøsa om hausten, når lagasilda går opp i Lågen for å gyta. Under dette fisket, som har gått føre seg i hundrevis av år (første omtale av det er frå år 1350), vert det brukt not, garn, mælkrakk og hov. Fisket vart drive i stort omfang fram til tidleg i 1970-åra. Etter dette er det kommersielle fisket mesta vorte borte.

I Sverige vert lagasild (på svensk: siklöja) fiska mest for rogna sin del. Ho vert brukt til å laga ein eksklusiv kaviar, löjrom (direkte omsatt «lagasild-rogn». På grunn av dei ganske små mengdene rogn ein finn i kvar fisk, er prisen høg.

Kjelder

  • Sandlund, Odd Terje: «Lagesild» i Norges dyr - Fiskene 1
  • Sandlund, Odd Terje & Næsje, Tor F.: «Komplekse, laksefisk-dominerte fiskesamfunn på Østlandet» i Borgstrøm, Reidar & Hansen, Lars Petter (red): Fisk i ferskvann Landbruksforlaget 2000
  • FishBase[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

Tags:

Lagasild KjenneteiknLagasild LevesettLagasild FiskeLagasild KjelderLagasild BakgrunnsstoffLagasildFerskvassfiskLaksefamilienPelagiskSild

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Rudolf MössbauerWilliam ShakespeareMiddelhavetNamnedagLeonid BrezjnevYosef Wolde-MariamChristian StrandAre KalvøSkjærtorsdagMarina OvsiannikovaHovudsideRenée ZellwegerCounty DurhamDire StraitsLangfredagsfjæreMarit BjørgenMoney for NothingLatviaQueenDen siste nattverdenHamrinsjøenAlzheimers sjukdomZazaiskRódos byGentooMedianAmazon.comWater of LoveKrøllalfaPeoníaTsjekkoslovakiaMakedonsk språkCHOBA B CCCPIslandRichard Wright (1908-1960)Alf CrannerGåsAli Baba og dei førti røvaraneMaroon 5RockabillyMellom-AmerikaLavIltalehtiHar SedomHovdyrAdenbuktaÅndalsnesErik AndersenNaruhito av JapanHistorisk fiksjonTetovoMaud av NoregBokstaven betIngmar BergmanEkvatorI Feed You My LoveGustav VI Adolf av SverigePetter Dass-monumentetLive at the BBC av Dire StraitsBuddy HollyDen guddommelege komedieGolden HeartAnimismeLønnUljanovsk oblastKrýa Vrýsi i PéllaHerreJoe BidenÅrhusViktor Orbán1947Molde kommuneTalteoriEurovision Song Contest 2012🡆 More