Mjøsa

Mjøsa er ein innsjø som ligg i Innlandet fylke og Akershus fylke og strekkjer seg frå Lillehammer i nord til Minnesund i sør.

Ei strekning på rundt 117 kilometer. Mjøsa er 15 kilometer på sitt breiaste mellom Hamar og Totenvika.

Mjøsa
innsjø
Mjøsa
Mjøsa sett mot nord frå Minnesund.
Land Mjøsa Noreg
Fylke Akershus, Innlandet
Høgd over havet 119-123 moh.
Areal 369,48 km²
Middeldjupn 150 m
Største djupn 468 m
Volum 56,24 km³
Kystlengd1 341,11 km
Koordinatar 60°53′56″N 10°41′31″E / 60.89889°N 10.69194°E / 60.89889; 10.69194
Øyar Helgøya
Byar Hamar, Gjøvik og Lillehammer

Mjøsa
60°40′00″N 11°00′00″E / 60.666666666667°N 11°E / 60.666666666667; 11
Wiki Commons: Mjøsa
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Mjøsa
Mjøsa sett frå Hamar
Mjøsa
Mjøsa

Mjøsa er den største innsjøen i Noreg med eit areal på 369 kvadratkilometer og han ligg 123 meter over havet. Den største offisielle målte djupna er 468 meter, målt utanfor Skreifjella på Toten. Fleire uoffisielle målingar med ekkolodd har vist djup på 575 meter utanfor Stangelandet. Av norske innsjøar er berre Hornindalsvatnet (514 meter) i Vestland og Salvatnet (482 meter) i Trøndelag djupare. Mjøsa er den desidert romslegaste (volum) innsjøen i Noreg. Han inneheld like mykje vatn som: Røssvatnet, Tyrifjorden, Hornindalsvatnet, Tinnsjå, Norsjø og Kviteseidvatnet til saman. Innan Norden er det berre Vänern og Vättern som er romslegare. Det held også til ein sjetteplass i Europa. Etter Ladoga, Onega og Genfersjøen.

Namnet kjem truleg av norrønt «Miors» eller det eldre «Merso» som tyder noko som «Den glitrande» eller «Den skinande». Frå gammalt av heitte innsjøen Heiðsær.

Vasstanden i Mjøsa er regulert opp ei rekkje gonger opp gjennom åra og så seint som i 1947 vart reguleringa overteke av staten. Sidan 1961 har Mjøsa hatt same nivå som i dag. Reguleringa av Mjøsa skjer ved demninga og slusa ved Svanfossen før Vorma munnar ut i Glomma. I løpet av vinteren vert vasstanden redusert så mykje at dei fleste småbåthamnene ikkje kan nyttast før vårflaumen og snøsmeltinga aukar vasstanden igjen.

Største elv som renn inn i Mjøsa er Gudbrandsdalslågen, heilt i nordenden av Mjøsa ved Lillehammer. Den einaste elva som renn ut av Mjøsa er Vorma, heilt sør i innsjøen ved Minnesund. Den største øya i Mjøsa er Helgøya, som òg er den største øya i Noreg som ligg i ein innsjø. Byar ved Mjøsa er Lillehammer, Gjøvik og Hamar.

Mjøsa er åstad for det største innlandsfiske i landet. Kvar haust vert det fanga lagesild langs dei nordlege delane av innsjøen, 150-200 tonn vert teke opp i det organiserte fisket kvar sesong. Lagesild-fisket er omtalt så tidleg som i 1462.

I 1995 vart eit canadisk Handley Page Halifax bombefly heva frå Mjøsa. Flyet er i dag restaurert og utstilt i Canada.

Dyreliv i Mjøsa

På grunn av det store djupet i Mjøsa er innsjøen framleis langt frå kartlagt når det gjeld dyreliv, men av fiskeartar i Mjøsa veit ein om

Mjøsa 
Mjøsa sett mot vest frå Hamar brygge.
Foto: Cato Edvardsen

Samferdsel og båtliv

Det var tidlegare eit ferjesamband over Mjøsa mellom Biri og Moelv. Det vart erstatta av Mjøsbrua i 1985. Mjøsbrua er 1421 meter lang.

Det er fleire båtforeininga, seglforeininga og organiserte båthamner rundt Mjøsa. I august 2006 er det oppretta basestasjon for Maritim VHF på Bangsberget ved Brumunddal. Han gjev kontakt med Tjøme Radio på kanal 16, kanal 70 og med arbeidskanal 21. Dette er den første basestasjon for maritim VHF i innlandet i Noreg.

Mjøsa 
Utviding av E6 til motorveg langs Mjøsa i 2013. Jernbanesporet Minnesund-Hamar vart oppgradert nedanfor i same prosjekt.

Verdt å sjå ved Mjøsa

  • Skibladner
  • Domkyrkjeruinane på Hamar
  • Mjøssamlingane
  • Storgårdene samlet under Mjøsgårdene
  • Severdigheter på Nes& Helgøya - midt i Mjøsa
  • Middelalderkirkene: Ringsaker kirke, Nes kirke og Stange kirke

Miljøgifter som har vorte funne i Mjøsa

Kjelder

Tags:

Mjøsa Dyreliv i Mjøsa Samferdsel og båtlivMjøsa Verdt å sjå ved Mjøsa Miljøgifter som har vorte funne i Mjøsa KjelderMjøsaAkershus fylkeHamarInnlandet fylkeInnsjøLillehammerMinnesund

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HusmannVerjínaSentral-MakedoníaSkandinaviaRobert LammDanmarkMuskedunderGoogle MapsIPhoneRobbie WilliamsSilvestre y La NaranjaP.I. LangloDomenetapKristoffer ColumbusThomas A. DorseyTotenMorfinGudbrandsdalen1940-filmen PinocchioOverarmsbeinApeDaman og DiuNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Harald V av NoregLangeSakharovprisenLindisfarne klosterFuru1. divisjon fotball for mennHotel Union ØyeMaterialismeDonald TrumpNáousa i ImathíaSri LankaDanskPannemerke i hinduismenAtombombene over Hiroshima og NagasakiIrreversibel prosessPeter SellersUngarskÅsmund BerthelsenGail ZappaKlima i AsiaYawlPlantarFinnmark fylkeChampions LeagueQ.E.D.Kjemisk reaksjonSvenske folkeeventyrVinkelfartSikhismenFonografPotetmjølDoirániCountryJonsokStorbritanniaØrnEmmerGardasjøenCarles PuigdemontDen cubanske revolusjonenPéllaSjokoladen HobbyVériaJens StoltenbergSekulærKomparativ fordelUtviklinga av traktorenEM i fotball 2000SirkelMajonesRosh HaAyinDen store depresjonen🡆 More