L.a. Woman

L.A. Woman
Studioalbum av The Doors
Språk engelsk
Utgjeve 19. april 1971
Innspelt Desember 1970 til januar 1971
Studio The Doors' Workshop i Los Angeles
Sjanger Bluesrock
Lengd 48:24
Selskap Elektra
Produsent The Doors, Bruce Botnick
The Doors-kronologi 
13
(1970)
L.A. Woman Other Voices
(1971)

Singlar frå L.A. Woman
  1. «Love Her Madly»
    Utgjeve: March 1971
  2. «Riders on the Storm»
    Utgjeve: June 1971

L.A. Woman er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 19. april 1971, på Elektra Records. Det er det siste albumet deira med frontmannen og songaren Jim Morrison, som døydde tre månader etter albumet kom ut. Albumet er tungt basert på blues, meir enn dei føregåande albuma deira. Det vart spelt inn utan den faste produsenten deira Paul A. Rothchild etter han hamna i unåde hos gruppa då han meinte at studioframføringane deira mangla kvalitet. Bandet vart derfor samprodusert med den mangeårige lydteknikaren deira, Bruce Botnick.

«Love Her Madly» kom ut på singel i mars 1971, før albumet kom ut, og nådde topp 20 på Billboard Hot 100. Då albumet kom ut nådde det niandeplassen på Billboard 200 og 28. plassen på UK Albums Charts. Songen «Riders on the Storm» fekk òg suksess på singellistene i USA og Storbritannia.

Kritikarane Richie Unterberger og David Quantick har begge kalla L.A. Woman eit av dei beste albuma til The Doors og særskild trekt fram vokalen til Morrison og den enklare bluesrockstilen deira.

Bakgrunn

L.a. Woman 
Jim Morrison dagen han vart dømd for blotting i Miami.

The Doors hadde hadde eit bra år i 1969, men gjennom mykje av året var dei svartelista frå radio og konsertsalet deira sleit, etter at songaren Jim Morrison var blitt sikta for banning og blotting under ein konsert i Miami den 1. mars. Organisatorar frykta ein ny episode som dette. Morrson, som ønskte å bli respektert som ein seriøs diktar og byrja å interessere seg for film, hadde tenkt på å slutte i gruppa mot slutten av 1968, men vart overtalt av klaverspelaren Ray Manzarek om å bli eit halvt år til. Den 20. september 1970 vart Morrison dømd for hendinga i Miami. I eit intervju i 1971 med Ben Fong-Torres, sa Morrison «Eg trur eg underbevisst prøvde å kome gjennom på den konserten, eg prøvde å redusere det til absurditet. Og det fungerte for bra.»

I november 1970, kort tid etter rettssaka til Morrison var over, drog The Doors inn i Sunset Sound Recorders i Los Angeles for å spele inn tidlege versjonar av songen «L.A. Woman», i tillegg til «Riders on the Storm» og «Love Her Madly». Den enkle stilen var eit steg vidare frå Morrison Hotel, som vart godt motteken. Bandet krangla med plateselskapet sitt, Elektra Records, som ønskte eit Doors-album til jul, og dei gav ut det første samlealbumet deira, 13. Det vart gjeve ut utan at bandet var innblanda og kom ut med eit bilete av ein yngre Morrison. Dette irriterte Morrison såpass at han truga med å signere for eit anna plateselskap. Sidan kontrakten deira kravde eit album til, kunne ikkje gruppa følgje opp trugselen, så dei heldt fram å øve på dei nye songane.

Plateprodusenten Paul A. Rothchild, som hadde arbeidd med bandet på dei fem første albuma deira, var berre med i starten av innspelinga, men slutta etter krangling med bandet. Han var mellom anna misnøgd med songen «Love Her Madly». Han meinte innspelinga av denne var eit kunstnarisk steg attende og kalla det «cocktailmusikk.» Rothchild har nekta for eit populært rykte om at han hadde sagt dette om «Riders On The Storm», og sa at han meinte at denne songen og «L.A. Woman» var «glimrande på øvingane». Han hevda at kommentaren om cocktailmusikk vart sagt for å «gjere dei sinte nok til å kome opp med noko bra.» Rothchild slutta òg fordi det gjekk treigt å skrive nye songar, særleg med tanke på at dei hadde tre dugande låtskrivarar. Entusiasmen hans for bandet vart enno verre då han ikkje klarte å overtyde Morrison til å bli med på alle øvingane. Som Botnick skreiv i boka si Love Becomes a Funeral Pyre, skal Rothchild ha blitt særs opprørt etter at Janis Joplin døydde. Dei hadde arbeidd i lag på det andre soloalbumet hennar, Pearl. Rothchild slutta før eit endeleg opptak var ferdig for albumet og rådde The Doors til å la Bruce Botnick, som hadde vore lydteknikar under Rothchild på dei førre innspelingane, vere med som produsent.

Innspeling

Gruppa og Botnick sette opp eit mellombels platestudio i øvingslokalet deira, The Doors' Workshop, i ein bygning på 8512 Santa Monica Boulevard. Dei kunne då spele inn musikk i eit meir avslappande og komfortabelt miljø og unngå dyre studioutgifter. Dei fekk tak i eit miksebord frå Elektra som vart installert i andre etasen av bygningen, medan studiomonitorar, mikrofonar og klaverinstrument vart sette opp i første etasje. For å kompensere for mangelen på ein isolert vokalkiosk, spelte Morrison inn vokalen i døropninga til badet med den same mikrofonen dei brukte for den siste turneen sin.

The Doors fekk med eg bassisten til Elvis Presley, Jerry Scheff og rytmegitarist Marc Benno til å utfylle dei. Scheff spelte på alle songane utanom «L'America». Densmore omtalte Scheff som «ein mann-i-lomma» og roste han for at han «tillet meg å kommunisere rytmisk med Morrison, og han sakka Ray ned, når høgrehanda hans på tangentane gjekk altfor raskt». Morrison – som var stor fan av Presley – skal ha likt at Scheff var med på innspelinga. Benno vart spurt om å delta etter at han hadde gjort seg kjend som musikar for Leon Russell. Songane vart spelte inn på få forsøk med ein 8-sporsopptakar, og albumet var fullført på seks dagar. Morrison var ein bluesentusiast og proklamerte den siste innspelingsdagen som ein «bluesdag», då dei spelte inn «Crawling King Snake», «Cars Hiss By My Window» og «L.A. Woman». Albumet hadde ein rå, konsertaktig lyd der ekstralydspor stort sett var avgrensa til ekstra klaverinstrument. Botnick sa «Heile konseptet for innspelinga var å gå attende til dei tidlege røtene våre og prøve å få alt live i studio med så få ekstra lydspor som mogeleg». Miksinga vart fullført i Poppy Studios i februar og mars 1971, då Morrison hadde flytta til Paris i Frankrike.

Musikk

Bandet byrja innspelinga utan mykje materiale og måtte skrive songar der og då, anten ved å jamme eller snakke seg gjennom idear. Morrison likte at dei ikkje måtte spele inn mange forsøk, slik dei måtte på The Soft Parade, og møtte opp til innspelingane på tida og edru, i motsetnad til tidlegare innspelingar. I 1994 sa gitaristen Robby Krieger at «Rothchild var borte, som er ei av årsakene til at me hadde det så kjekt. Vaktaren var borte.» Trass i at oppstarten var trøblete, inneheld L.A. Woman nokre av dei mest kritikarroste songane til The Doors, og somme av dei mest bluesprega. Tekstane omhandlar samtidige tema som kjærleik, livet i Los Angeles og komplekse sider ved å vere menneske. Manzarek forklarte at bandet ikkje hadde «ein visjon for albumet, men etter me byrja å arbeide med songane, forstod me at dei snakka om L.A. Dei handlar om menn, kvinner, gutar, jenter, kjærleik, tap, tapt kjærleik og funnen kjærleik i Los Angeles». Heile albumet demonstrerte at Morrison var ein dugande låtskrivar og kombinerte dei poetiske frasane hans og entusiasmen for Los Angeles, og eit ynskje om å forlate byen med kjærasten Pamela Courson. Kunstnarisk var L.A. Woman ei blanding av blues og rock.

L.A. Woman opnar med Morrison-songen «The Changeling», som The Doors ønskte å gje ut som den første singelen frå albumet. Han var henta frå ei notatbok som Morrison hadde skrive i 1968. Holzman avslo avgjersla til bandet og gav ut «Love Her Madly» i staden for med B-sida «(You Need Meat) Don't Go No Further», som ikkje var med på albumet. Forfattaren James Riordan skreiv at «changeling», eller barneanda, kan ha vore ein referanse til den vanskelege barndommen til Morrison. Den funky James Brown-aktige komposisjonen verkar å annonsere at songaren hadde planar om å forlate Los Angeles med linja «I'm leavin' town on the midnight train».

I tillegg til «The Changeling», tok The Doors med tre andre songar skrivne før 1971: «L' America», «Crawling King Snake» og «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)». «L'America» vart opphavleg spelt inn for filmen Zabriskie Point frå 1970 av Michelangelo Antonioni, men til slutt avvist. Han heitte opphavleg «Latin America», og det einaste bandet gjorde med han under innspelinga for L.A. Woman var nokre ekstra trommespor. Arrangementet til The Doors på den tradisjonelle «Crawling King Snake» var datert attende til dei første turneane deira, og vart stundom spelt i lag med Morrison-diktet «Celebration of the Lizard». «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» er ei omarbeiding av eit dikt Morrison først skreiv for ei suvenirbok av gruppa i 1968. Songen kombinerte dobbeltspora talte ord og peikte fram mot diktopplesingane til Morrison på det posthume albumet An American Prayer. For å vektleggje melankolien på «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» brukte Densmore ei tidleg utgåve av ein trommemaskin.

Morrison bidrog òg med «Been Down So Long», ein song inspirert av boka til visesongaren Richard Fariña, Been Down So Long It Looks Like Up to Me og Furry Lewis-melodien «I Will Turn Your Money Green». Det var ein vanleg bluessong som minna om dei tidlege konsertane til The Doors. Teksten syner til depresjon, frigjering og seksualitet som følgje av at Morrison kanskje måtte i fengsel. Han bidrog òg med bluessongen «Cars Hiss By My Window». I motsetnad til dei fleste andre songane, vart denne skriven i studio. Manzarek fortalte: «Jim sa han handla om å bu i Venice [Beach], på eit varmt rom, med ein heit kjæraste, og eit ope vindauge og ei dårleg tid. Det kan ha vore om Pamela Courson». L.A. Woman avsluttar første sida med tittelsporet, den lengste songen på albumet. Det er trudd å vere den endelege avskjeden til Los Angeles av Morrison og kommuniserte dei blanda kjenslene han hadde med lidenskap og forakt for «the city of night». Teksten inneheld eit anagram for Jim Morrison: «Mr. Mojo Risin'».

Av dei andre songane på L.A. Woman, skreiv Krieger «Love Her Madly», som minna om dei tidlegare songane hans om romanse og utryggleik. Han skreiv songen heime medan han keia seg under rettssaka til Morrison. L.A. Woman inneheld òg «Hyacinth House», med tekst skriven av Morrison og musikk av Manzarek. Songen syner at Manzarek var inspirert av den polske komponisten Frédéric Chopin sin Polonaise i Ass-dur, Op. 53, under orgelsoloen. Det siste sporet var «Riders on the Storm», skriven av heile The Doors. Han var basert på eit arrangement av «Ghost Riders in the Sky» og linja «delicate riders of the storm», var henta frå Hart Crane-diktet «Praise for an Urn». Sporet blanda Morrison sine haikar-bilete frå hans eigne diktprosjekt. Det svake, spøkjelsesaktige bakteppet ein kan høyre gjennom songen var den siste innspelinga til Morrison med The Doors.

Konsertar

Etter Morrison spelte inn dikt i Village Recorders den 8. desember 1970, hadde han lyst til å spele nokre av L.A. Woman-songane på turné. Den 11. desember spelte The Doors to utselde konsertar i State Fair Music Hall i Dallas. Bandet opna den første konserten med ein lengre versjon av «Love Her Madly», men sleit med dei eldre songane sidan dei ikkje hadde heldt konsertar sidan Isle of Wight-festivalen i august same året. Settet inneheldt «The Changeling» og «L.A. Woman» og avslutta med «When the Music's Over». Konsertane vart godt mottekne og synte at The Doors framleis kunne halde bra konsertar. Dette førte til ein ekstra konsert i Louisiana.

Den 12. desember spelte The Doors i The Warehouse i New Orleans for det som kom til å bli den siste konserten deira med Morrison. Halvvegs gjennom konerten byrja ein full Morrison å slurve med teksten til «Light My Fire», og avbraut songen med talar og vitsar. Han sat føre trommene under soloane til Krieger og Manzarek, men reiste seg ikkje opp for å fullføre songen. Etter at Densmore gav beskjed, prøvde han å syngje, før han knuste mikrofonstativet i scenegolvet så flisene fauk. The Doors vart samde om å stoppe å spele konsertar og fokusere på å fullføre L.A. Woman.

Utgjeving og mottaking

L.A. Woman kom ut den 19. april 1971. Det nådde niandeplassen på Billboard 200, og låg inne på lista i 36 veker. I Storbritannia nådde det 28. plassen og låg fire veker inne på UK Albums Charts. Fotografi på omslaget var teken av Wendell Hamick.

Tre månader etter utgjevinga, den 3. juli, vart Morrison funnen død. Det hadde vore diskusjonar mellom Morrison og dei andre i bandet om ei framtidig innspeling etter han kom heim att frå Paris. Albumet kom ut i lag med sinelen «Love Her Madly», som kom i mars og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 og låg på lista i 11 veker. Singelen gjekk ikkje inn på den britiske singellista. I tillegg vart «Riders on the Storm» gjeve ut på singel i juni. Denne nådde 14. plassen på Billboard-lista og nådde 22. plassen på den britiske singellista.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
Christgau's Record GuideA–
Classic RockL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
Encyclopedia of Popular MusicL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
MusicHound4/5
PopMattersL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
QL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
Rolling StoneL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
The Rolling Stone Album GuideL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 
Slant MagazineL.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman L.a. Woman 

Albumet fekk stort sett positiv kritikk. Rolling Stone-skribenten Robert Meltzer var imponert over kjensla av moro og samhøyrsle i bandet og sa at det var «det beste albumet til The Doors» og årets album. I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sette Robert Christgau pris på humoren til Morrison i somme av tekstane og meinte at «bandet høyrdest aldri betre ut», sjølv om han var skuffa over «Been Down So Long» og «L'America». I nyare tid skreiv Richie Unterberger for AllMusic at L.A. Woman var «ujamt», men at albumet inneheld songar «som er av dei beste og mest forstyrrande dei laga». Sal Cinquemani skreiv for Slant Magazine at L.A. Woman var «lyden av eit band i perfekt harmoni». Han skildra Doors-songane som «forstyrrande og kyniske over åra, og desse songane var ikkje noko unntak».

PopMatters-skribenten Nathan Wisnicki sa at tekstane til Morrison var mindre pretensiøse enn på tidlegare album, sidan L.A. Woman bestod av «meir vanleg blues». David Quantick frå BBC Music meinte at suksessen til plata kom av «ein enklare, men likevel full lyd, ein utvikla mystikk knytt saman av rocken til bandet og ein sjølvtillit som kom av at bandet hadde fungert bra i lag over fleire år».

I 2003 vart L.A. Woman rangert på 362. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Då lista vart revidert i 2012, var albumet flytta ned til 364. plassen.

CD-utgåver

Botnick produserte og miksa seinare ei ny 5.1-kringlyd-utgåve av albumet, gjeven ut på DVD-Audio den 19. desember 2000. 24. januar 2012 vart albumet gjeve ut på ny med ommastra lyd og bonusspor på Elektra og Rhino Records. Sju av bonusspor var alternative versjonar og to songar var ikkje gjevne ut før, «She Smells So Nice» and «Rock Me». Utgjevinga kom i lag med ein dokumentarfilm kalla Mr. Mojo Risin': The Story of L.A. Woman med intervju av Krieger og Densmore, og opptak frå konsertar og studio.

Innhald

Side one

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Changeling»Jim Morrison, The Doors4:21
2.«Love Her Madly»Robby Krieger, The Doors3:20
3.«Been Down So Long»Jim Morrison, The Doors4:41
4.«Cars Hiss by My Window»Jim Morrison, The Doors4:12
5.«L.A. Woman»Jim Morrison, The Doors7:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«L'America»Jim Morrison, The Doors4:37
7.«Hyacinth House»Jim Morrison, The Doors3:11
8.«Crawling King Snake»Tony Hollins, Bernard Besman, John Lee Hooker5:00
9.«The WASP (Texas Radio and the Big Beat)»Jim Morrison, The Doors4:16
10.«Riders on the Storm»Jim Morrison, The Doors7:09
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Orange County Suite» 5:45
12.«(You Need Meat) Don't Go No Further»Willie Dixon3:41
Bonusplate med 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
1.«The Changeling» (alternativ versjon)4:45
2.«Love Her Madly» (alternativ versjon)3:59
3.«Cars Hiss by My Window» (alternativ versjon)4:42
4.«L.A. Woman» (alternativ versjon)8:50
5.«The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» (alternativ versjon)5:37
6.«Been Down So Long» (alternativ versjon)4:53
7.«Riders on the Storm» (alternativ versjon)9:11
8.«She Smells So Nice» (ikkje tidlegare utgjeven)4:41
9.«Rock Me» (ikkje tidlegare utgjeven)4:30
Bonusspor på iTunes
Nr.TittelLengd
10.«L.A. Woman» (opptak 1)7:42
11.«Crawling King Snake» (gennomgang og studioprat)4:35
Bonusspor på Amazon
Nr.TittelLengd
10.«Love Her Madly» (opptak 1)3:38
11.«The Changeling» (opptak 9)5:28
Bonusspor på Spotify
Nr.TittelLengd
10.«The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» (instrumental)4:21

Medverkande

    The Doors
    Andre musikarar
    Teknisk

Salslister

Album

Liste (1971) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM) 11
Nederlandske album (MegaCharts) 1
Tyske album (Offizielle Top 100) 32
Norske album (VG-lista) 15
Britiske album (OCC) 28
US Billboard 200 9
Liste (2012) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern) 50
Nederlandske album (MegaCharts) 51
Franske album (SNEP) 89
Italienske album (FIMI) 63
Spanske album (PROMUSICAE) 57
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 69

Singlar

År Title US Plassering
1971 «Love Her Madly»
B-side: «(You Need Meat) Don't Go No Further»
Pop Singles 11
1971 «Riders on the Storm»
B-side: «The Changeling»
Pop Singles 14

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA) 4× Platina 280 000^
Austerrike (IFPI Austerrike) Gull 25 000x
Canada (Music Canada) 3× Platina 300 000^
Frankrike (SNEP) 2× Platina 945,800*
Tyskland (BVMI) Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE) Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland) Gull 25 000x
Storbritannia (BPI) Gull 100 000^
USA (RIAA) 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Tags:

L.a. Woman BakgrunnL.a. Woman MusikkL.a. Woman KonsertarL.a. Woman Utgjeving og mottakingL.a. Woman InnhaldL.a. Woman MedverkandeL.a. Woman SalslisterL.a. Woman SalstroféL.a. Woman KjelderL.a. Woman

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DeltaGrodagenAnne B. RagdeHolmenkollrennet 1975WikinewsFonetisk alfabetTexasMichael JordanFribyBåhus festningSørfold kommuneÆrfuglMelhusLille Petter EdderkoppNasjonalplantarWiktionaryJon FosseNederlandJohann Sebastian BachDe Long-øyaneLønnHeine T. BakkeidLysingPompeiiSigmaKåre Magnus BerghAlice CooperUnicodeNordfjordeidSvalbard globale frøkvelvKelly ClarksonPaddene i AustefjordenDet osmanske riketTuddal HøyfjellshotellTorstein FlaknePumoriKnuskkjukeMalignitetRusslandHTMLJim MorrisonKošavaGuvernørTurn under Sommar-OL 1988MånenMultiplikasjonSchrödingers kattHarry PotterPlaneten MarsLiv Grete SkjelbreidSneppålGeorg Wilhelm Friedrich HegelBiologisk familieEselLeonard RickhardCreative CommonsSverigeJiddaArtemisDet nederlandske koloniriketCharles III av StorbritanniaMichelle ObamaTsjekkiaAllahu akbarThomas MoreDavid Ben-GurionItaliaFristaden ChristianiaLill LindforsIsraelSupermannVaktelLahti-renna 1974Volda kommune🡆 More