Robert Christgau

Robert Christgau (fødd 18.

april">18. april 1942) er ein amerikansk essayist, musikkjournalist og sjølvutnemnd «Dean of American Rock Critics» (dekan for dei amerikanske rockekritikarane).

Robert Christgau
Robert Christgau
Statsborgarskap USA
Fødd 18. april 1942 (82 år)
Greenwich Village Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, reporter, essayist, skribent, musikkritikar
Organisasjon New York University, The Village Voice, Newsday, The Village Voice
Religion ateisme
Prisar Guggenheim-stipendiet
Robert Christgau på Commons

Christgau vart fødd i New York. Han seier at han vart ein rock and roll-fan då discjockeyen Alan Freed kom til byen i 1954. Han forlét New York for å byrje på college i New Hampshire, der han vart uteksaminert i 1962. Under collegetida vart han meir interessert i jazz, men vende tilbake til rock and roll så snart han kom tilbake til New York.

Til å byrje med skreiv han noveller, før han i 1964 vart sportjournalist og seinare politireportar for Newark Star-Ledger. Christgau byrja som frilansar etter at ein reportasje om dødsfallet til ei kvinne i New Jersey vart publisert i New York Magazine. Han vart forespurt om å ta over den inaktive musikkspalten i Esquire, og byrja der i 1967. Då Esquire la ned spalta flytta han over til The Village Voice i 1969 og tok i tillegg ein jobb som collegelærar.

I 1972 vart han fast tilsett av Newsday, men vende i 1974 tilbake til Village Voice som musikkredaktør. Frå 1974 til 2006 var han ansvarleg for Village Voice si Pazz & Jop-liste. I 2006 fekk han sparken «for taste» (for smak) kort etter å ha vorte kritisert av New Times Media. To månader seinare byrja han å skrive for Rolling Stone Magazine.

Christgau har òg regelmessig skrive for Playboy, Spin, Creem og Blender. I 2005 vart han professor på Clive Davis Department of Recorded Music på New York University.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

18. april1942EssayJournalistUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DygdsetikkSanta Cruz de Tenerife26. aprilMidsommarDet norske flaggetBlåbærDen norske eliteserien i fotballChristianiaOrDelawareelvaDisseDet buddhistiske livshjuletLiverpoolWennersgaard PointPolyhistorFranskMike PinderBlåsjøTreriksrøysaAbdusamet YigitMiddelhavetSør-KérkyraViotíaIvar AasenLokeRegjeringa Stoltenberg IIMaria Kjos FonnGustav VI Adolf av SverigeDamplokomotivRibbeinHVACTorinoOmanPanamakanalenTibetansk skriftROBEKIngebjørg BratlandGrevinnen og hovmesterenSvanesjøenKolOdinBerlinmurenHar SedomAnders VassbotnOblatGrameenphoneKolonialhandelLufttrykkMegan FoxCate BlanchettNautisk milKnokkelDet britiske imperietLønnOdd NordstogaRitsónaMauser-rifle M98Aasmund NordstogaBodø kommuneNoregAmerikakoffertKirkenærMichael JacksonUrfolkPollachiusRoald AmundsenDovrebanenAfrikaEininga soneLa LigaRingdrottenPandemiHolland🡆 More