Kronisk obstruktiv lungesjukdom, ofte forkorta til KOLS, er ein samlediagnose for ei rad nærskylde sjukdommar med kronisk og meir eller mindre irreversibel nedsetjing av lungefunksjonen.
Diagnosar som høyrer til under denne samletermen inkluderer kronisk astmatisk bronkitt, kronisk bronkitt med obstruksjon, bronkiektasi og lungeemfysem.
Kronisk obstruktiv lungesjukdom | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D029424 |
KOLS blir ofte utløyst av vedvarande irritasjon av luftvegane. Den vanlegaste årsaka er tobakksrøyking, og tilstanden blir difor ofte kalla «røykjarlunge». Men sjukdommen kan òg vera arveleg (t.d. som resultat av α₁-antitrypsinmangel) og/eller ha samanheng med anatomiske faktorar som t.d. tønnebryst (auka AP-diameter), fuglebryst (pectus carinatum) eller traktbryst (pectus excavatum).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kronisk obstruktiv lungesjukdom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.