Kızılırmak (tyrkisk Kızılırmak, Raudelva), òg kalla Halys (gammalgresk Ἅλυς), er den lengste elva i Tyrkia av elvane som berre renn innfor dei tyrkiske landegrensene.
Elva er utbygd for vasskraft og vert ikkje nytta til skipsfart.
Kızılırmak | |||
elv | |||
Kızılırmak i İskilip (Taybi Ovası) | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 1 350 km | ||
Kjelde | Aust-Anatolia | ||
- høgd | 2 000 moh. | ||
- koordinatar | 39°48′N 38°18′E / 39.8°N 38.3°E | ||
Munning | Svartehavet | ||
- koordinatar | 41°43′N 35°57′E / 41.72°N 35.95°E | ||
Kızılırmak 39°51′12″N 38°24′27″E / 39.853277777778°N 38.407388888889°E | |||
Wiki Commons: Kızılırmak River | |||
Kızılırmak har ei lengd på 1150 kilometer. Ho spring ut i Aust-Anatolia og renn først vestover og sørvestover, før ho dannar ein vid boge, Halyssvingen, der ho snur nordvestover. Ho renn her nordaust for Tuzsjøen, så mot nord og nordaust, der ho mottar den store sideelva si Delice Irmağı (i antikken kalla Kappadox). Ho svingar seg nordvestover til ho renn saman med Devrez-elva og så mot nordaust der ho mottar Gökırmak før ho munnar ut i Svartehavet. Av demningar i elva finn ein Boyabat, Altınkaya og Derbent.
Hittitane kalla ho Maraššantiya. Ho dannar vestgrensa for Hatti, kjernelandet i Hittittriket. I antikken var ho grensa mellom Vesleasia og resten av Asia, samt grensa mellom Pontos og Paflagonia. Som åstad for slaget ved Halys eller solformørkingsslaget den 28. mai 585 fvt., ho var grensa mellom Lydia i vest og Mediariket i aust fram til Kroesos av Lydia kryssa ho for å angripe Kyros den store i 547 fvt. Han vart slått og Persia ekspanderte til Egearhavet.
Vatnet frå elva vert nytta til å dyrke ris.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kızılırmak, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.