It's Only Rock 'n' Roll er eit album av The Rolling Stones frå 1974.
It's Only Rock 'n Roll Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. oktober 1974 | |
Innspelt | 25. november – 21. desember 1972, 13–24. november 1973, 14–28. januar, 10–15. april, 20–25. mai 1974 | |
Sjanger | Rock and roll, bluesrock | |
Lengd | 48:26 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Goats Head Soup (1973) | It's Only Rock 'n Roll | Black and Blue (1976) |
Singlar frå It's Only Rock 'n Roll | ||
|
Det var det siste albumet med gitaristen Mick Taylor og med på tittelsporet spelte Ronnie Wood som tok over for Taylor. Albumet har ein tydlegare rockestil enn det førre albumet, Goats Head Soup, som var meir soul- og funk-inspirert. Albumet nådde førsteplassen i USA, andreplassen i Storbritannia og tredjeplassen i Noreg.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
Robert Christgau | B |
Džuboks | (negativ) |
The Great Rock Discography | 6/10 |
MusicHound | 3/5 |
NME | 6/10 |
The Rolling Stone Album Guide | |
Virgin Encyclopedia of Popular Music |
Arbeidet med It's Only Rock 'n' Roll kom i gang etter den europeiske turneen til The Rolling Stones hausten 1973. Innspelinga starta i november i München i Tyskland.
Albumet vart først utvikla som ein delvis live-, delvis studioproduksjon der eine sida var songar frå konsertane på den nylege europeiske turneen deira, medan den andre sida bestod av nyleg innspelte coverversjonar av bandet sine favorittR&B-songar. Av desse coverversjonane var innspelingar av Dobie Gray sin «Drift Away», Shirley & Company sin «Shame, Shame, Shame» og The Temptations sin «Ain't Too Proud to Beg». Etter ei kort stund starta bandet å arbeide med gitarriff av Richards og nye idear frå Mick Jagger og den opphavlege albumideen vart skrinlagt til fordel for det nye materialet. Innspelinga av «Ain't Too Proud to Beg» var den einaste innspelinga som frå den opphavlege planen som kom med på den endelege albumutgåva.
It's Only Rock 'n' Roll var første Stones-plate som var sjølvprodusert sidan Their Satanic Majesties Request og den første der Jagger og Richards nytta pseudonymet «The Glimmer Twins». Frå dette albumet og på alle framtidige Rolling Stones-album produserte dei musikken sjølv eller i lag med ein produsent utanfor bandet.
Det meste av grunnspora på albumet vart spelt inn München, medan vokalen til Jagger vart spelt inn ettepå. I følgje Richards kjem Jagger som oftast fram til det beste resultatet når han er aleine i studio med berre ein lydteknikar.
«Luxury» synte ei aukande interesse for reggae hos bandet, medan «Till the Next Goodbye» og «If You Really Want to Be My Friend» var balladar. Sju av dei ti songane på albumet var lengre enn fire minuttar, noko som vart kritisert av den gryande punkrock-rørsla på slutten av 1970-talet.
Ronnie Wood, som lenge hadde vore ein bekjent av bandet, knytte seg nærare til The Rolling Stones under innspelingane etter han inviterte Mick Taylor til å spele på debutalbumet sitt, I've Got My Own album to Do. Taylor var mykje heime hos Wood under innspelinga, og ein av kveldane var Richards på besøk. Dei spelte inn nokre songar med Wood og utvikla raskt eit nært vennskap. Jagger vart etter kvart med i denne gjengen, og det var her den første songen på albumet vart utvikla, «It's Only Rock 'n' Roll (But I Like It)». Wood arbeidde tett med Jagger på denne songen, som etter kvart vart tittelen på albumet. Wood spelar 12-strengars akustisk gitar på songen.
It's Only Rock 'n' Roll vart det siste albumet Mick Taylor gjorde med The Rolling Stones, og han speler berre på sju av ti spor. Taylor var visstnok medlåtskrivar på songar som «Till the Next Goodbye» og «Time Waits for No One», men på plateomslaget er alle songane berre tilskriven Jagger/Richards.
I lag med dei vanlege medhjelparane Billy Preston, Nicky Hopkins og det uoffisielle Stones-medlemmet Ian Stewart, spelte Ray Cooper perkusjon på albumet.
I juli kom singelen «It's Only Rock 'n' Roll (But I Like It)» ut og trass i at han hadde den klassiske Stones-stilen nådde han ikkje topp ti. Med eit allsongvenleg refreng har songen sidan vorte fast innventar på Stones-konsertane. «Ain't Too Proud to Beg» av The Temptations vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i USA, der han nådde topp 20. Albumet kom ut i oktober og gjekk raskt opp til andre plassen i Storbritannia (det første albumet deira i heimlandet sidan 1969 som ikkje nådde førsteplassen) og førsteplassen i USA, der det etter kvart selde til platina.
Plata fekk stort sett god kritikk.
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «If You Can't Rock Me» | 3:47 |
2. | «Ain't Too Proud to Beg» (Norman Whitfield/Eddie Holland) | 3:31 |
3. | «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» | 5:07 |
4. | «Till the Next Goodbye» | 4:37 |
5. | «Time Waits for No One» | 6:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Luxury» | 5:01 |
7. | «Dance Little Sister» | 4:11 |
8. | «If You Really Want to Be My Friend» | 6:17 |
9. | «Short and Curlies» | 2:44 |
10. | «Fingerprint File» | 6:33 |
The Rolling Stones
Andre medverkande
Grunnspor på «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)»
Produksjjon
Vekeslister
Singlar
| Salstrofé
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article It’s Only Rock ’n’ Roll, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.