Goats Head Soup

Goats Head Soup er eit album av The Rolling Stones frå 1973.

Goats Head Soup
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 31. august 1973
Innspelt 25. november–21. desember 1972 og 23. mai–20. juni 1973 i Dynamic Sound Studio i Kingston på Jamaica, utanom «Hide Your Love» som var spelt inn i De Doelen i Rotterdam i Nederland, sommaren 1973
Sjanger Bluesrock
Lengd 46:56
Selskap Rolling Stones
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi 
Exile on Main St.
(1972)
Goats Head Soup It's Only Rock 'n Roll
(1974)
Singlar frå Goats Head Soup
  1. «Angie»
    Utgjeve: 20. august 1973
  2. «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)»
    Utgjeve: Desember 1973

Det vart spelt inn som ein oppfølgjar til det kritikarroste Exile on Main St. Goats Head Soup hadde ein meir polert produksjon enn det rå og skranglete Exile. Musikken inneheldt den særeigne rockestilen til Stones, men no òg med element av soul-pop og funk. Den kanskje best kjende songen på albumet er «Angie», som vart ein stort hit verda over.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head Soup
Robert ChristgauB
The Great Rock Discography6/10
MusicHound2/5
NME6/10
Q4/5 starsGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head Soup
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head Soup
Styluspositiv
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 starsGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head SoupGoats Head Soup

Historie

Innspeling

Innspelinga av albumet starta så tidleg som 1970. To songar, «Silver Train» og «Hide Your Love», kom frå desse tidlege innspelingane og dukka opp att i november 1972 då bandet flytta til KingstonJamaica og Dynamic Sound Studios. Gitaristen Keith Richards sa i 2002, «Jamaica var eit av få land der alle fekk kome inn! På denne tida var Sveits det einaste landet eg kunne opphalde meg i, og det var ein kjedeleg stad for eg likte ikkje å stå på ski. Det var ni land eg ikkje fekk kome inn i.»

Den første songen som vart spelt inn i Dynamic var «Winter», som sologitaristen Mick Taylor har sagt starta med berre Mick Jagger på gitar i studio og at resten kom inn etter kvart.

Første singelen frå albumet, «Angie», var eit upopulært val som første singel hos Atlantic Records. Dei ønskte seg ein ny «Brown Sugar» og ikkje ein ballade. I motsetnad til kva mange trur, så handla ikkje songen om den første kona til David Bowie, Angela, men om dotter til Richards, Dandelion Angela, som var nyfødd då.

Trass i den tilbakelente stilen har mange av songane på Goats Head Soup ei mørk kjensle ved seg, som opningssongen «Dancing With Mr. D» (D som i death eller død) og singelen «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)», som kritiserer New York-politiet for å ha skote ein ti år gammal person ved eit uhell.

Dette var det siste Rolling Stones-album produsert av Jimmy Miller, som hadde arbeidd med bandet sidan Beggars Banquet i 1968. Miller utvikla eit narkotikamisbruk i løpet av åra han var med bandet.

I tillegg til dei offisielle bandmedlemmane spelte mellom andre Billy Preston, Nicky Hopkins og Ian Stewart på albumet.

Innspelinga vart gjort ferdig i januar 1973 i Los Angeles og mai 1973 i Olympic Sound Studios i London.

Utgjeving

Singelen «Angie» kom ut før albumet og gjekk til topps verda over. Goats Head Soup kom ut seint i august 1973 og vart òg ein bestseljar som gjekk til førsteplass i mange land. The Rolling Stones la ut på turne i 1973 i Europa.

Albumet fekk variabel mottaking av musikkpressa. I dag vert Goats Head Soup generelt rekna som albumet som markerte slutten på «gullalderen» til the Stones. Jagger starta for fullt eit jetsett liv som rockestjerne, medan Richards vart meir og meir påverka av narkotikaproblema sine. Albumet vert ofte rekna for å mangle energien og gnisten i dei tidlegare albuma, men vart ein bestseljar som mellom anna selde til trippel platina i USA.

Innhald

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Dancing with Mr. D»4:53
2.«100 Years Ago»3:59
3.«Coming Down Again»5:54
4.«Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)»3:27
5.«Angie»4:33
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Silver Train»4:27
7.«Hide Your Love»4:12
8.«Winter»5:31
9.«Can You Hear the Music?»5:31
10.«Star Star»4:25

Medverkande

The Rolling Stones

Andre medverkande

Teknisk

  • Sjefsteknikar og miksar – Andy Johns.
  • Assisterande lydteknikarar – Carlton Lee, Howard Kilgour and Doug Bennett.
  • Fotografi og design av David Bailey.

Salslister

Vekeslister

Liste (1973–74) Plassering
Australske Kent Music Report 1
Den austerrikske albumlista 5
Kanadiske RPM-lista 1
Den nederlandske albumlista 1
Den franske SNEP-lista 1
Den italienske albumlista 8
Den japanske Oricon-lista 7
Noreg - VG-lista 1
Den spanske albumlista 1
Den svenske albumlista 2
UK Albums Chart 1
US Billboard 200 1
Den vesttyske Media Control-lista 2

Årslister

Liste (1973) Plassering
Den australske albumlista 17
Den nederlandske albumlista 12
Den franske albumlista 13
Den italienske albumlista 19
Liste (1974) Plassering
Den australske albumlista 17
US Billboard 200 84

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP) Gull 320,700
Storbritannia (BPI) Gull 100 000^
USA (RIAA) 3× Platina 3 000 000^

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Føregangar
Foreigner
Cat Stevens
Toppen av VG-lista
The Rolling Stones

6 veker, Veke 39–44, 1973
Etterfylgjar
Portrett
Lillebjørn Nilsen
Føregangar
Stutum 2
Bjørn Sand & Totto Osvold
Toppen av VG-lista
The Rolling Stones

1 veke, Veke 4 1974
Etterfylgjar
Band on the Run
Paul McCartney & Wings

Tags:

Goats Head Soup HistorieGoats Head Soup InnhaldGoats Head Soup MedverkandeGoats Head Soup SalslisterGoats Head Soup BakgrunnsstoffGoats Head Soup KjelderGoats Head SoupAngie av The Rolling StonesExile on Main St.FunkSoulThe Rolling Stones

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Silje NordnesD. H. LawrenceHaikuTryggve AndersenPolenOrbitalGangesDet italienske flaggetPalingeneseRingdrottenMike PinderSikhismenParlamentarismeKabelsporvognRundeThe EdgeNæringskjedeEidsvoll 1814CountryFjell i NoregA Whiter Shade of PaleMaud av NoregHappy HumanIl Tempo GiganteHerman WildenveyI'm Still StandingEkvatorDet greske flaggetFirehundreårsnattaValborgsnattaFylkesveg 45StillehavetÁrgos-MykínesVinter-OL 1988Bobby BareZugspitzeIngrid Alexandra av NoregBlåmannØrnSogn og Fjordane fylkeThis Time av Monika Linkytė og Vaidas BaumilaSkottlandDen norske språkstridenAbdusamet YigitDet tredje riketBerlinblokadenZevsSola kommuneChittagongDeauvilleHunderasarDet norske alfabetetITunesMNordkjosbotn videregående skole / Gárgána joatkkaskuvlaWiki CommonsKjønnscelleØSpesifikk varmekapasitetErik CarlssonPalestinararJacob Tullin ThamsMartha SkrettebergIrritasjonEl NiñoSanta Claus av Paul McCarthyKelly ClarksonBieISBNTsjekkiaTrepunktsopphengXylókastro-EvrostínaJan EgelandMiljøproblem🡆 More