Palestinarar

Palestinarar er ein person frå Palestina, både i moderne tyding og det større historiske området.

Palestinarar
Palestinske ungar i Jenin, juli 2002.
Palestinarar
Kaffidrikkande palestinarar. (Frå eit stereografi-foto trykt i USA i 1900.)

I moderne språkbruk blir ordet oftast bruka som nemning på hovudsakleg muslimske og i mindre grad kristne, arabiskspråklege grupper med bakgrunn frå det sørvestlege Levanten — hovudsakleg Israel, Vestbreidda, vestlege delar av Jordan, Gazastripa og tilgrensande område i Egypt. Inntil tida etter Andre verdskrigen inkluderte omgrepet òg jødar — både sefardiske og mizrahiske jødar, med dokumentert lokal busetnadshistorie i over eit halvt tusen år, og askenasiske jødar, som hovudsakleg kom flyttande til området frå 1800-talet av. Desse gruppene inngår òg i PLO sin definisjon av palestinarar, med atterhald om at dei lyt ha budd i området «før den sionistiske koloniseringa tok til» (jamfør PLO-charteret) eller vera direkte etterkommarar på farssida etter folk som budde i området «før den sionistiske koloniseringa». I PLO sitt program for ein demokratisk og sekulær stat vert dette vegskiljet sett ved Balfour-deklarasjonen i 1917. I varierande grad har omgrepet òg vore bruka om samaritanarar, druzarar og mange andre etniske og/eller religiøst definerte grupper.

PLO-charteret frå juli 1968 definerer palestinarane slik:

    Artikkel 5. Palestinarane er arabiske borgarar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til 1947. Dette inkluderer både dei som vart tvinga til å reisa og dei som vart verande i Palestina. Kvar og ein som er fødd med palestinsk far etter denne datoen, er å rekna som palestinar.
    Artikkel 6. Jødar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til den sionistiske invasjonen tok til er å rekna som palestinarar.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Palestinarar  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Palestinarar
Palestinarar  Denne historieartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Palestina

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KallifóniTutrakanBuBrasilWehrmachtTaekwondoFossekallSamleieCelsiusNorske dialektarKlima i Nord-AmerikaGarden KatthultDomingos CastroSunnmøreBokmålFelix MendelssohnVictoria av StorbritanniaBererakettStian AasenForbundsrepublikkBjørnøyaThessalíaAftonbladetUbehaget i kulturenSpekkhoggarFlorøEarl ScruggsFinnøyDydBrusselNorsk ytre språkhistorieUSAAsker kommuneForelskingHanumanMagnisíaTønsberg kommuneVik kommuneBiologisk familieWikiBlåmannIsaac NewtonNederlandStrilamålAlta-Kautokeino-vassdragetHomogeniseringDødsstraffKjemisk formelNazismeTatjana TomasjovaHar SedomStortinget T-banestasjonFrozenInsulinImperialismeRusslandRekonvalesensClaudio MonteverdiKnut Marius DjupvikPeriferieininga SporadaneCupheadPalamásGunnhild SundliTeltWikipediaSofie MarhaugEikefjord idrettslagRígas Feréos i MagnisíaVossamålBrennverdiKlanenKelvinIndia🡆 More