Paul McCartney and Wings, eller berre Wings, var eit rockeband skipa i 1971 av det tidlegare Beatles-medlemmet Paul McCartney med kona i Linda på klaverinstrument, trommeslagaren Denny Seiwell, og den tidlegare Moody Blues-gitaristen Denny Laine.
Wings var kjende for mange utskiftingar i besetninga og for den store suksessen sin. Dei hadde tre forskjellige gitaristar og fire trommeslagarar. Kjernen med McCartney-partet og Laine vart verande så lenge gruppa eksisterte.
Paul McCartney and Wings | |||
Wings, 1975. V-H: Joe English, Denny Laine, Linda McCartney, Jimmy McCulloch og Paul McCartney. | |||
Alias | Suzy and the Red Stripes The Country Hams | ||
---|---|---|---|
Opphav | England | ||
Aktiv | 1971–1981 | ||
Sjanger | Rock, softrock | ||
Plateselskap | Apple, Capitol, Parlophone, Columbia | ||
Tidlegare medlemmer |
Etter McCartney-paret gav ut albumet Ram i 1971, vart dei to første albuma til bandet Wild Life og Red Rose Speedway (sistnemnde med gitaristen Henry McCullough), rekna som skuffande samanlikna med musikken Paul McCartney skreiv for The Beatles. Etter dei gav ut tittelsporet til James Bond-filmen Live and Let Die, slutta McCullough og Seiwell i bandet. McCartney-paret og Laine gav så ut Band on the Run i 1973, som vart ein stor suksess blant både kritikarane og fansen og gav to Topp 10-singlar med «Jet» og tittelsporet. Etter dette albumet henta bandet inn gitaristen Jimmy McCulloch og trommeslagaren Geoff Britton, men Britton slutta kort tid etter og vart erstatta av Joe English. Med den nye besetninga gav Wings ut Venus and Mars, med den amerikanske hitsingelen «Listen to What the Man Said», og drog ut på ein særs suksessrik verdsturné i 1975–76. Wings at the Speed of Sound kom ut midtvegs i turneen og inneheld hitsinglane «Silly Love Songs» og «Let 'Em In».
I 1977 gav bandet ut den einaste singelen deira som gjekk til topps i Storbritannia, «Mull of Kintyre», som vart den då bestseljande singelen i Storbritannia i historia. Det vart fleire utskiftingar i Wings då både McCulloch og English slutta før London Town kom ut i 1978. McCartney og Laine henta igjen inn nye medlemmar, gitaristen Laurence Juber og trommeslagaren Steve Holley. Albumet som kom ut av det, Back to the Egg, vart forholdsvis mislukka, og bandet vart sett på vent. Trass i ein siste song på toppen av den amerikanske singellista, eit konsertopptak av McCartney sin solosingel «Coming Up», vart Wings lagt ned for godt då Laine slutta i bandet i 1981.
1971–1972 |
|
---|---|
1972–1973 |
|
1973–1974 |
|
1974–1975 |
|
1975–1977 |
|
1977–1978 |
|
1978–1981 |
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Paul McCartney and Wings, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.