James Bond, òg kjend som 007 er ein av verdas mest kjende heltefigurar og fiktive spionar.
Han er skapt av forfattaren Ian Fleming i skyggen av den kalde krigen. Bond er spion for den britiske etteretningstenesta MI6, og sidan han vart introdusert i romanen Casino Royale i 1953, skreiv Ian Fleming totalt 14 bøker om Bond. Ian Fleming døydde i 1964 av hjarteanfall.
Bøkene om James Bond er òg filmatiserte og den fyrste filmen, Dr. No, kom på kinolerretet i 1962 med Sean Connery i hovudrolla. Til saman har det vorte spelt inn 22 filmar (der 20 er «offisielle») med James Bond som helt, den siste i 2002, Die Another Day. Bond har vore spelt av Sean Connery, George Lazenby, Roger Moore, Timothy Dalton og Pierce Brosnan i dei offisielle filmane, og også David Niven i ein parodiversjon av Fleming-romanen Casino Royale. I oktober 2005 vart det offentleggjort at skodespelaren Daniel Craig skal inneha Bond-rolla i neste film. Figuren Bond har i tillegg til dei 23 filmane òg vore grunnlaget for ein teikneserie med same namn, samt ei rekkje spinoff-produkt, til dømes dataspel.
På 1960-talet slo Bond-manien inn for alvor, og i Storbritannia samt USA måtte kinoane halde døgnope for å kunne mette det forventingsfulle og eventyrlystne publikumet. Goldfinger og Thunderball kan nemmast blant dei mest populære James Bond-filmane på sekstitalet. Som fylgje av denne enorme James Bond-interessa, vart det produsert tallause leiker og andre produkt med born som hovudmålgruppe. Dessutan fanst det James Bond-handklær, sengetøy, sko, klede og så bortetter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article James Bond, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.