Silly Love Songs

«Cook of the House»

Silly Love Songs
Singel av Wings
frå albumet Wings at the Speed of Sound
B-side

Utgjeve 1. april 1976
Innspelt 16. januar 1976
Sjanger Disco, funk
Lengd 5:53
Selskap Capitol
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi 
«Venus and Mars/Rock Show»
(1975)
Silly Love Songs «Let 'Em In»
(1976)


«Silly Love Songs» er ein song skriven av Paul McCartney og Linda McCartney og framført av Wings. Songen kom ut i 1976 på albumet Wings at the Speed of Sound. Songen vart gjeven ut som singel i 1976, med B-sida «Cook of the House». Songen vart skriven som eit svar til musikkritikarar som skulda McCartney for berre å skrive «dumme kjærleikssongar» og «sentimentalt kliss», og hadde òg element av disco.

Utgjeving

Den amerikanske singelen vart gjeven ut den 1. april 1976 og låg fem veker på rad på toppen av Billboard Hot 100. «Silly Love Songs» vart òg rangert øvst på årslista til Billboard for 1976. Det var òg den andre av tre songar gruppa hadde på toppen av Easy Listening-lista. Singelen selde til gullplate i USA for meir enn ein million selde eksemplar. Billboard rangerte òg «Silly Love Songs» som den beste av alle singlane Paul McCartney gav ut på Hot 100. I 2008 vart songen rangert på 31. plassen på lista over dei beste songane på Billboard-lista gjennom tidene. I Storbritannia kom singelen ut 30. april 1976 og nådde andreplassen på UK Singles Chart.

Songen var den 27. førsteplassen til McCartney som låtskrivar, som var ny rekord for ein låtskrivar. Med denne songen vart McCartney den første personen som hadde førsteplassar på ei Billboard-årsliste som medlem av to forskjellige band. Dei første på ei slik liste var «I Want to Hold Your Hand» i 1964 og «Hey Jude» i 1968.

«Silly Love Songs» har sidan kome ut på mange samlealbum av McCartney.

Andre innspelingar

I 1976 gav Wings ut eit konsertopptak av «Silly Love Songs» for det triple konsertalbumet Wings Over America. I 1984, tre år etter Wings var oppløyst, spelte Paul McCartney inn «Silly Love Songs» for filmmusikkalbumet til Give My Regards to Broad Street.

Salslister

Vekeslister

Liste (1976) Plassering
Australia Kent Music Report 20
Canada RPM 100 Singles 1
Tyskland (Media Control AG) 14
Irland (IRMA) 1
Japan Oricon Chart 66
New Zealand (RIANZ) 8
Nederland (Mega Single Top 100) 11
Noreg (VG-lista) 9
UK Singles (Official Charts Company) 2
US Billboard Hot 100 1
US Adult Contemporary (Billboard) 1

Årslister

Liste (1976) Passering
Canada RPM 100 Singles 10
UK 23
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Easy Listening 33

All-time-liste

Liste Passering
US Billboard Hot 100 36

Medverkande

Wings

Andre musikarar

  • Tony Dorsey – trombone
  • Thaddeus Richard – saksofon
  • Steve Howard – trompet
  • Howie Casey – saksofon

Andre versjonar

  • I 1977 spelte den walisiske songaren Shirley Bassey inn songen på albumet hennar You Take My Heart Away.
  • I 1978 framførte den britiske popsongaren Greg Bonham songen på ein konsert i Moskva som kom ut på eit album (Melodiya ?60–11121-2).
  • I 1995 spelte det amerikanske rockebandet The Replicants inn songen på albumet Replicants, med Maynard James Keenan på vokal.
  • I 1996 framførte Red House Painters songen på albumet deira Songs for a Blue Guitar.
  • Wings-medlemmet Denny Laine spelte inn «Silly Love Songs» på albumet sitt Wings at the Speed of Denny Laine.
  • I 1998 spelte den amerikanske songaren Stevie B inn ein versjon for albumet sitt Right Here, Right Now.
  • I 1999 gav den newzealandske gruppa Ardijah ut ein R&B-versjon av songen. Denne toppa den newzealandske singellista i ei veke de 14. februar 1999.
  • I 2001 song Nicole Kidman og Ewan McGregor songen i «Elephant Love Medley» i filmen Moulin Rouge!
  • I 2011 vart songen nytta i ein episode av Glee. Songen vart framført av Darren Criss (som speler Blaine Anderson).
  • I 2015 spelte John Pizzarelli inn songen på albumet sitt Midnight McCartney.

Kjelder

Tags:

Silly Love Songs UtgjevingSilly Love Songs Andre innspelingarSilly Love Songs SalslisterSilly Love Songs MedverkandeSilly Love Songs Andre versjonarSilly Love Songs KjelderSilly Love Songs

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Filmen Harry Potter og fangen fra AzkabanAndregradslikningRusslandSildGuvernørPlaneten JupiterGustav StrømsvikSvastikaPeloponnesIltalehtiSosiale mediumHavørnCecilia Payne-GaposchkinRelativitetsteorienPeter HolmKasusRhinenDet osmanske riket1. juliLikningEukaryotarOldtidSvalbard globale frøkvelvNaruhito av JapanKoboltAndGjest BaardsenPintLeksikonTsjekkiaShetlandsøyaneTorstein FlakneSyktyvkar1. divisjon fotball for menn 1977Hauge i DalaneNetflixTranebærDavid CameronEddiksyreGreenwich middeltidFotBreivikbotn20. septemberFlåklypa Grand PrixTriduumThe BeatlesStord kommuneFinsk fonologiThessaloníkiCarl XVI Gustaf av SverigeRådyrOlav V av NoregTalordLinda MedalenTuddal HøyfjellshotellSionEli Kari GjengedalUSAJoakim Harestad HaukaasArthur RimbaudFlaggInternettDeventerFilippo TuratiAli Baba og dei førti røvaranePumoriMaud av NoregOslo kommuneTidssoneGoogle MapsMagnesiumMelhusNordmøreOkhotskhavet🡆 More