Hodgkins Sjukdom

Hodgkins sjukdom, Hodgkins lymfom eller lymfogranulomatose er ei form for lymfekreft.

Ho har namn etter Thomas Hodgkin, som først skildra abnormalitetar i lymfesystemet i 1832.

Hodgkins sjukdom
Hodgkins Sjukdom
Mikroskopfotografi som viser Hodgkins lymfom
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:201
ICD-10-kode:C81
ICD-O:9650/3-9667/3
DiseasesDB5973
MedlinePlus000580
eMedicinemed/1022
MeSHD006689

Sjukdommen er kjenneteikna av store kreftceller, Reed-Sternberg-celler, som har fleire cellekjerner og er omfatta av betennelsesreaksjonar. Desse kreftcellene stammar frå B-lymfocyttar. Hodgkins sjukdom har systematisk spreiing frå ei gruppe lymfeknutar til andre, og utvikling av B-symptom (som feber, nattesveitte og vekttap) etterkvart som han utviklar seg. Nokre symptom på sjukdommen er fast heving av lymfeknutane. Ein kan også føla seg veik på grunn av anemi og feber.

Folk av alle aldrar kan utvikla sjukdommen, men han har større forekomst i unge vaksne (alder 15–35) og i pasientar over 55. Om lag dobbelt så mange menn som kvinner utviklar Hodgkins sjukdom. Rundt halvparten av sjukdomstilfella kjem av infeksjon med Epstein-Barr-virus. Andre risikofaktorar kan vera sjukdomstilfelle i familien og å ha HIV/AIDS.

Ein kan behandla Hodgkins sjukdom med cellegift, strålebehandling eller stamcelletransplantasjon, avhengig av alder, kjønn, kva stadium sjukdommen er i, storleiken på svulstene og den histologiske underkategorien hans. Generell 5-års overlevelsesrate 2001–2007 (basert på tal frå USA) var 83,9 %. Sidan mange pasientar er unge, lever dei ofte 40 eller flere år etter behandling - men få studiar følgjer pasienter lenger enn 25 år, og desse studiane tek for seg eldre behandlingsmetodar med tildels livstruande biverknader. Det finst lite data tilgjengeleg om langtidseffektane av nyare, mindre skadelige behandlingsmetodar, men det er grunn til å tru at langtidseffektane av desse er langt mindre.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det britiske kongehusetBakuHønsehauk9. juniLinda EideSpekkSigvart DagslandRenée ZellwegerTidssoneOrkidéfamilienMaskorama (sesong 4)YEtikkLiv Grete SkjelbreidMånenMoskva oblastURLKalikoHelsingforsOnly Love SurvivesVerdas landJulie EgeKristian ØdegårdAli Baba og dei førti røvaraneDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenSvartehavetDet amerikanske flaggetMenneskeanatomiOn the NightListe over primtalByMeslingarOn Every StreetBudapestAl-BattaniNéa ZíkhniLemmingMurmanskBølgjebrytingByar i NoregValdresGolden HeartAlbumet Hotel CaliforniaHarry PotterThe DoorsStatueAfrodisiakumFilmen Harry Potter og FøniksordenenMakedonsk språkJon FosseKjersti BergesenHal LindesAre KalvøGaupePeter Wessel TordenskjoldStilarkGoogle ChromeLangfredagsfjæreGjærTuaregskjoldetRepublikkIsraelNikita KhrusjtsjovRódos byEin fin liten blomeHotel CaliforniaÅrhusAnother One Bites the DustSjtipBjørnstjerne BjørnsonSamvirkelag1450Filmen Harry Potter og ildbegeretMolde kommune1619I Feed You My LoveEli Kari GjengedalAndre påskedag🡆 More