Kyssesjuke

Kyssesjuke, mononukleose eller kjertelfeber er ein infeksjonssjukdom, som oftast valda av Epstein-Barr-viruset (EBV).

Mellom symptoma er feber, faryngitt (gjerne med ein særs sår hals), halskjertelsvulst og utmatting.

Kyssesjuke
Person med kyssesjuke med halskjertelsvulst

Fleire andre virus enn Epstein-Barr-viruset kan valda kyssesjuka, mellom dei menneskecytomegalovirus og HIV-virus.

Kyssesjuke gjev som regel ikkje opphav til komplikasjonar, og er sjeldan døyeleg. 1-5 % av individ med kyssesjuke får nevrologiske komplikasjonar, som Guillain-Barré-syndrom. Opp mot 1 % får sprokken milt. Kyssesjuke aukar òg sannsynet for å utvikla multippel sklerose og Hodgkin-lymfekreft.

Epstein-Barr-virus som årsak

Over 95 % av alle vaksne verda over er rekna å vera infiserte med EBV. Kring 90 % av tilfella av kyssesjuke er valda av Epstein-Barr-viruset. Det tek kring seks veker frå EBV-smitte til utbrot av kyssesjuke. Hjå ungdomar og unge vaksne er kyssing det viktigaste opphavet til primær EBV-infeksjon. Eit lite tal av EBV-infeksjonar skriv seg frå blodoverføring og ulike former for transplantasjon. Det er uvisst korleis born vert EBV-smitta, men kan henda involverer det EBV-berarar i familien som av og til har viruspartiklar i spyttet sitt. Det vert gjerne rekna at EBV-infeksjon hjå born oftast er utan symptom.

EBV-virus kan infisera visse epitelseller i mandlane og B-seller lytisk. Etter at eit individ er fri for symptom frå kyssesjuka, vil EBV-viruset liggja løynd i B-seller i kroppen til individet for resten av livet dess.

Det finst ingen godkjend vaksine mot EBV.

Kjelder

Kyssesjuke  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Epstein-Barr-virusFaryngittFeberInfeksjonSymptom

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Roald AmundsenKarius og BaktusMauser-rifle M98Len i SverigeDigital rettsadministrasjonLa LigaDet britiske riksvåpenetRagnvald BrusessonByar i HellasE slåttatæjaKonkursUSANorsk folkedansNasjonaldyrNavreduksjonIsi-ColaMagnetventilDisseBjørgvinAnimeRekreasjonFeltleirar i AntarktisAdamstuenWikiGeriljaWikipediaFilmserien Harry PotterMagnus CarlsenDrivstoffet knottDan Børge AkerøTom HagenNynorskOddmund Løkensgard HoelPollachiusFranskAustevoll kommuneOmanLufttrykkTor Arne HetlandMauringOlivettiTalesynteseCouscousMike PinderBuddhistiske høgtiderSildSur nedbørMarianne Sivertsen NæssLokeEdvard VII av StorbritanniaEritreaSjøløverAndre verdskrigenSlaveAlaskaBeatin' the Odds av Molly Hatchet1995Like-til-likeKnut Marius DjupvikBlåsjøKommunismeHandball-NM 1996/MennEurovision Song Contest 2023SystembolagetGolden Gate BridgeStatens kartverkFinsk fonologiApeRiksveg 5Verdas land etter folketalKjenslerKirkenærDovrebanenKalkulusHaakon Magnus av Noreg🡆 More