Habsburgmonarkiet

Habsburgmonarkiet var eit uoffisielt namn på områda som vart styrt av den austerrikske greina av Huset Habsburg (1278-1780) og det etterfølgjande huset Habsburg-Lothringen (frå 1780) mellom 1526 og 1867/1918.

Hovudstaden var stort sett Wien, bortsett frå 1583 til 1611, då hovudstaden var i Praha.

Habsburgermonarchie
Habsburgmonarkiet
Habsburgmonarkiet
 
Habsburgmonarkiet
 
Habsburgmonarkiet
 
Habsburgmonarkiet
1526–1804 Habsburgmonarkiet
Flagg Våpen
Flagg Våpenskjoldet til Karl V
Nasjonalsong
Ingen
Keisarsong
Gott erhalte Franz den Kaiser
Plasseringa til Habsburgmonarkiet
Plasseringa til Habsburgmonarkiet
Habsburgmonarkiet på høgda under Karl V i 1547.
Hovudstad Wien
Praha (1583–1611)
Språk tysk, ungarsk, rumensk, kroatisk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk, spansk, italiensk, polsk, rutensk
Religion Offisiell religion:
romersk-katolsk
Respekterte religionar:
Kalvinisme, lutheranisme, ortodoks kristendom
Styreform Monarki
Keisar, konge,
& erkehertug
 - 1526–1564 Ferdinand I (første)
 - 1792–1804 Frans II (siste)
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1526
 - Erklæringa av Riket 1804
I dag ein del av Habsburgmonarkiet Austerrike
Habsburgmonarkiet Belgia
Habsburgmonarkiet Bosnia og Herzegovina
Habsburgmonarkiet Kroatia
Habsburgmonarkiet Tsjekkia
Habsburgmonarkiet Frankrike
Habsburgmonarkiet Tyskland
Habsburgmonarkiet Ungarn
Habsburgmonarkiet Italia
Habsburgmonarkiet Luxembourg
Habsburgmonarkiet Nederland
Habsburgmonarkiet Polen
Habsburgmonarkiet Romania
Habsburgmonarkiet Serbia
Habsburgmonarkiet Slovakia
Habsburgmonarkiet Slovenia
Habsburgmonarkiet Spania
Habsburgmonarkiet Sveits
Habsburgmonarkiet Ukraina

Monarkiet frå 1804 til 1867 vert vanlegvis kalla Keisardømet Austerrike, og frå 1867 til 1918 Austerrike-Ungarn. I visse samanhengar viser «Habsburgriket» stundom til heile Habsburgfamilien sine område som ein gong vart styrt av Karl V av Det tysk-romerske riket, eller til Det spanske riket styrt av den spanske greina av familien.

Habsburg-familien ætta frå Habsburgborga i dagens Sveits og kom etter 1278 til makta i Austerrike. Habsburgfamilien vart etter kvart ei mektig ætt i Europa gjennom giftarmål og den første kongressen i Wien med keisar Maximilian I. Ludvig II, konge av Böhmen, Ungarn og Kroatia, var adoptert av Maximilian, og då han døydde i 1526 vart erkehertug Ferdinand av Austerrike den neste kongen i desse områda. Ferdinand var den yngre broren til keisar Karl V. Frå denne tida voks monarkiet og på det største dekte det halve Europa.

Terminologi

Habsburgmonarkiet 
Kart over Austerrike-Ungarn om lag 1900

Namna på området som (med nokre unntak) til slutt vart Austerrike-Ungarn:

  • Habsburgmonarkiet eller Det austerrikske monarkiet (1526–1867): Dette var uoffisielle namn, men vart mykje nytta sjølv på den tida. Eininga hadde ikkje noko offisielt namn. Habsburgmonarkiet vert stundom òg teknisk sett nytta om perioden 1276–1918 då Habsburg-familien styrte monarkiet (erkehertugdømet) som låg i dagens Austerrike, og «Det austerrikske monarkiet» kan vise til monarkiet som låg i dagens Austerrike 1156–1867.
  • Keisardømet Austerrike (tysk Kaisertum Österreich) (1804–1867): Dette vart det offisielle namnet.
  • Austerrike-Ungarn (1867–1918): Dette var det offisielle namnet. Uoffisielle namn som vart ein del nytta var Donaumonarkiet (tysk Donaumonarchie) eller Doppel-Monarchie («Dobbelmonarkiet») som viser til at to statar vart styrt av ein monark.
  • Kronlanda (tysk Kronländer) (1849–1918): Dette var namnet på alle dei individulle delane av Keisardømet Austerrike (etter 1849) og så Austerrike-Ungarn. Kongedømet Ungarn (eller meir nøyaktig Landområda til den ungarske krona) vart ikkje rekna som eit «kronland» etter at Austerrike-Ungarn vart oppretta i 1867, så «kronlanda» var identisk med dei som vart kalla Kongedøma og landa representert i riksrrådet (tysk Die im Reichsrate vertretenen Königreiche und Länder).

Den ungarske delen av riket vart kalla «Landa til den heilage Stefan-krona» (tysk Länder der Heiligen Stephans Krone). Det bøhmiske (tsjekkiske) landområdet vart kalla «Landa til Wenzel-krona» (tysk Länder der Wenzels-Krone).

Namn på nokre av dei mindre områda:

  • Dei austerrikske landa (tysk Österreichische Länder) eller «Erkehertugdøma i Austerrike» (tysk Erzherzogtümer von Österreich) - Land oppfor og nedanfor Enns (tysk ober und unter der Eins) (996–1918): Dette er det historiske namnet på delar av Erkehertugdømet Austerrike som vart dagens Austerrike (tysk Republik Österreich) den 12. november 1918 (etter keisar Karl I abdiserte frå trona). Det moderne Austerrike er ein halvvegs føderal republikk med ni delstatar (Bundesländer) som er: Niederösterreich, Oberösterreich, Tirol, Steiermark, Salzburg, Kärnten, Vorarlberg, Burgenland og hovudstaden Wien, som er ein eigen delstat. Burgenland kom til Austerrike frå Ungarn i 1921 etter ei folkeavstemming. Salzburg vart austerriksk i 1816 etter napoleonskrigane. Før den tid var det eit eige kurfurstedøme. Wien vart hovudstad i Austerrike 1. januar 1922, etter å ha vore hovudstad i Keisardømet Austerrike og residens for Habsburg-monarkane i fleire hundreår. Ober- og Niederösterreich (Øvre og Nedre Austerrike) vart historisk delt inn i «Austerrike ovanfor Enns» og «Austerrike nedanfor Enns». Enns er i dag grensa mellom dei to delstatane.
  • Arvelanda (tysk Erblande eller Erbländer; som oftast Österreichische Erblande), Dei tyske arvelanda (i Det austerrikske monarkiet) eller Dei austerrikske arvelanda (mellomalderen – 1849/1918): Dette vert ofte rekna som det «opphavlege» austerrikske området til Habsburg-familien, det vil i hovudsak sei dei austerrikske områda og Krain (altså ikkje Galicia, dei italienske områda eller Dei austerrikske Nederlanda). Stundom vert òg Landaområda til den bøhmiske krona òg rekna med (frå 1526; definitivt frå 1620/27) til Arvelanda. Uttrykket vart erstatta av «Kronlanda» i 1849 (sjå over), men vart stundom nytta òg etter dette. Erblande inkluderer òg mange små og området som var fyrstedøme, hertugdøme, grevskap og liknande.

Landområda

Landområda som vart styrt av Habsburg-familien endra seg mykje gjennom hundreåra, men kjernen bestod alltid av fire blokker:

  • Arvelanda, som dekte det meste av dagens Austerrike, samt områda nordaust i Italia og (før 1797) sørvest i Tyskland. Til desse kom i tillegg i 1779 Innviertel frå Bayern; og i 1803 bispedøma Trent og Brixen. Under napoleonskrigane gjekk fleire delar av Arvelanda tapt, men alle vart gjeve tilbake, samt erkebispedømet Salzburg, med freden i 1815, bortsett frå Vorlande. Av provinsar i Arvelanda finn ein:
    • Erkehertugdømet Austerrike (Oberösterreich);
    • Erkehertugdømet Austerrike (Niederösterreich);
    • Hertugdømet Steiermark;
    • Hertugdømet Kärnten;
    • Hertugdømet Krain;
    • Hamnebyen Trieste;
    • Istria (var ein del av Republikken Venezia til 1797);
    • Gorizia og Gradisca;
      • Desse landområda (3–8) vert ofte omtalt som Indre Austerrike.
    • Grevskapet Tirol (men bispedøma Trent og Brixen dominerte det som vart Sør-Tirol før 1803);
    • Vorarlberg (eigentleg fleire provinsar som først vart slått saman på 1800-talet);
    • Vorlande, ei gruppe område i Breisgau og andre stader sørvest i Tyskland, som vart mista i 1797 (områda i Alsace (Sundgau) hadde vorte tapt så tidleg som i 1648);
      • Vorarlberg og Vorlande vert ofte omtalt som Vorderösterreich (landa føre Austerrike) og vart stort sett styrt saman med Tirol.
  • Storhertugdømet Salzburg (først etter 1805);
  • Landområda til den bøhmiske krona – i starten bestod det av fem område: Kongedømet Böhmen, Markgrevskapet Märhen, Schlesien, Øvre og Nedre Lausitz. Den bøhmiske riksdagen (tsjekkisk zemský sněm) valde Ferdinand I av Det tysk-romerske riket som konge i 1526.
    • Lausitz vart avstått til Sachsen i 1635.
    • Det meste av Schlesien vart erobra av Preussen i 1740–1742 og restane vart verande under Habsburg som Hertugdømet Øvre og Nedre Schlesien (Austerriksk Schlesien).
  • Kongedømet Ungarn – Ungarn hadde mista om lag to tredjedelar av områda sine til Det osmanske riket og fyrstane av Transilvania, medan Habsburgmonarkiet hadde dei vestlegaste og nordlegaste områda kalla Kongelege Ungarn på den tida. I 1699, mot slutten av dei osmansk-habsburgske krigane, kom nesten heile det tidlegare kongedømet under austerriksk styre, medan resten vart lagt til i 1718. Kongedømet Ungarn inkluderte på det meste dagens Ungarn og Slovakia, det meste av Kroatia, Vojvodina i dagens Serbia, Transilvania i dagens Romania og Karpato-Ruthenia, eit lite område i Karpatane i dagens Ukraina. Mellom 1718 og 1739 høyrte og forskjellige område på Balkan, som områda rundt Beograd og vestlege delar av Valakia, til Habsburgmonarkiet, men vart tapt etter ein mislukka krig med Tyrkia i 1739. Mykje av området som grensa til Det osmanske riket vart skild ut frå ungarsk styre og omgjort til Militærgrensa, som vart styrt direkte frå Wien.
  • Kongedømet Kroatia bestod i starten av fire område: Kroatia, Slavonia, Dalmatia og Bosnia. Det kroatiske Sabor valde Ferdinand I av Det tysk-romerske riket som konge av Kroatia den 1. januar 1527. Det kroatiske kongedømet vart verande ein del av Habsburgmonarkiet fram til Sabor erklærte sjølvstende den 29. oktober 1918. Etter det kroatisk-ungarske kompromisset i 1868, vart det offisielle namnet på Kroatia Det treeinige kongedømet Kroatia, Slavonia og Dalmatia.
    • Sentral-Kroatia: På 1500-talet, etter Slavonia og Bosnia kom under Det osmanske riket og Dalmatia under Republikken Venezia, vart Sentral-Kroatia kalla Restane av restane av det ein gong store kroatiske kongedømet (latinsk Reliquiæ reliquiarum olim inclyti Regni Croatiæ).
    • Slavonia: På 1500-talet kom det under Det osmanske riket; vart frigjort og kom tilbake til Kroatia i 1718.
    • Dalmatia: Mellom 1409 og 1420 tok Republikken Venezia det meste av Dalmatia, der det vart verande fram til republikken fall i 1797. Sjølv om Dalmatia vert erobra av Keisardømet Austerrike i 1815, nekta Austerrike å returnere Dalmatia til den sivile styresmakta i Kroatia, trass i mange innstendige bøner frå Sabor.
    • Bosnia: I 1377 vart det sjølvstendige Kongedømet Bosnia skild frå Kroatia under Tvrtko I, men erobra av Det osmanske riket i 1463, medan dei kroatisk-ungarske kongane gjorde krav på Bosnia (òg kalla Tyrkisk Kroatia) til Kongedømet Kroatia. Bosnia vart verande under osmanarane til 1878, då det vart erobra av Austerrike-Ungarn, men kom aldri tilbake til Kroatia, trass i krav frå Sabor.
      • Militærgrensa (Vojna Krajina) var ei mellombels sone langs grensa mot Det osmanske riket frå 1500-talet. Det vart styrt direkte av dei militære styresmaktene i Habsburgmonarkiet, og ikkje av Kroatia. Det kom tilbake under sivil styring i Kroatia i 1881.

Gjennom historia var òg andre landområde under dei austerrikske habsburgarane sitt styre (enkelte vart styrt av andre greiner i Habsburg-dynastiet):

Grensene til enkelte av desse områda varierte i dei periodane som er gjevne her og andre vart styrt av forskjellige greiner (secundo-geniture) av Habsburg-familien. Huset Habsburg hadde og tittelen tysk-romersk keisar frå 1438 til 1740 og frå 1745 til 1806.

Kjenneteikn

Habsburgmonarkiet 
Det habsburgske flagget

Landområda til huset Habsburg danna i røynda ikkje eit enkelt land - kvar provins vart styrt med sine eigne særeigne skikkar. Fram til midten av 1600-talet var ikkje ein gong alle områda styrt av same person og yngre familiemedlemmer styrt ofte delar av Arvelanda som privat apanasje. Det vart gjort fleire seriøse forsøk på sentralisering under Maria Teresia, og særleg son hennar Josef II på midten og slutten av 1700-talet, men mange av desse planane vart skrinlagt då det var stor motstand mot dei radikale reformene til Josef. I perioden vart det likevel prøvd og gjennomført ei meir forsiktig sentralisering.

Eit større forsøk på sentralisering vart sett i gang igjen i 1849 etter at fleire opprør i 1848 vart slått ned. For første gong prøvde ministrar å omforme monarkiet til ein sentralisert byråkratisk stat styrt frå Wien. Særleg Kongedømet Ungarn slutta å eksistere som ei separat eining og vart delt inn i fleire distrikt. Etter at Habsburgmonarkiet tapte krigar i 1859 og 1866, gjekk ein bort frå denne politikken og etter fleire år med eksperimentering kom ein fram til det austerriksk-ungarske kompromisset i 1867, der det såkalla dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn vart oppretta. I dette systemet fekk Kongedømet Ungarn suverenitet og eit eige parlament, og berre ein personalunion og eit felles utanriks- og militærstyre knytte det til resten av Habsburgområda.

Austerrike-Ungarn kollapsa på grunn av forskjellige uløyste etniske problem som kom fram i lyset etter tapet i den første verdskrigen. I fredsforhandlingane som følgde vart store område avstått til Romania og Italia, dei nye republikkane Austerrike (dei tysk-austerrikske landområda og Arvelanda) og Ungarn (kjernen i det gamle kongedømet) vart oppretta og resten av områda til monarkiet vart delt mellom dei nye statane Polen, Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia) og Tsjekkoslovakia.

Habsburgområda utanfor Habsburgmonarkiet

Habsburgmonarkiet må ikkje forvekslast med dei forskjellige områda som til forskjellige tider vart styrt av medlemmer frå huset Habsburg. Den eldre spanske greina av habsburgarar styrte Spania og forskjellige andre område frå 1516 til ho døydde ut i 1700. Ei yngre grein styrt Toscana mellom 1765 og 1801 og igjen frå 1814 til 1859. Medan dei var i eksil frå Toscana styrte denne greina Salzburg frå 1803 til 1805 og i Würzburg frå 1805 to 1814. Ei anna grein regjerte i Vorlande frå 1803 til 1805 og Modena frå 1814 til 1859, medan keisarinne Marie Louise, den andre kona til Napoleon og dotter av den austerrikske keisar Frans, styrt over Hertugdømet Parma mellom 1814 og 1847.

Herskarar av Habsburgmonarkiet, 1526-1918

Habsburg

Habsburg-Lothringen

  • Josef II 1780-1790 kjend som «den store reformatoren»
  • Leopold II 1790-1792 frå 1765-1790 Storhertug av Toscana
  • Frans II 1792-1835 vart keisar Frans I av Austerrike i 1804, då teljinga starta på ny.
  • Ferdinand I 1835-1848 kjend som Ferdinand den gode
  • Frans Josef I 1848-1916 bror til keisar Maximilian av Mexico (styrte 1864-1867)
  • Karl I 1916-1918 den siste regjerande monarken av Austerrike
  • Otto von Habsburg-Lothringen eller stundom kalla Otto von Österreich, kronprins av Austerrike og kalla Otto von Habsburg

Kjelder

Tags:

Habsburgmonarkiet TerminologiHabsburgmonarkiet LandområdaHabsburgmonarkiet KjenneteiknHabsburgmonarkiet Habsburgområda utanfor Habsburgmonarkiet Herskarar av , 1526-1918Habsburgmonarkiet KjelderHabsburgmonarkietAusterrikeHuset HabsburgPrahaWien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GhanaLønnBrødskiveTríkalaBokfinkKvaeJordaJohann Sebastian BachTallerken157Kvam heradTwitterPeter GabrielKattSauMaud av NoregDen gamle verdaAstrid LindgrenJacob Tullin ThamsElon MuskMusculus latissimus dorsiEuropaVM i friidrett 1983ImperialismeLondonFørste maiISBNBukspyttkjertelenOdd NordstogaJehovas vitneTuonelaKari BakkeOrganistAudrey HorneGorgopótamosAfrikaNSDAPPOSIXDurgaProduksjonPalamásBergen kommuneMarie AntoinetteKristopher SchauOlivettiHasardSørøya i FinnmarkHaaretzSong-dynastietNorrøntPer PaustHomofiliKaptein SabeltannVerdas lengste skihoppHellerman RocksLiberalPindéosJa, vi elsker dette landetEdderkoppar i kulturenNykøbing MorsEnrico CarusoKlima i ArgentinaSjakkAnders AuklandLike-til-likeMarit BjørgenTsjasiv JarDesta Marie BeederForbrenningIvar Lo-JohanssonProgrammeringsspråket JavaEtanGulAlf-Inge HålandSopar🡆 More