Graben (frå tysk: «grav»), forkastingsgrøft, søkkegrop eller gravsenking er innan geologi eit område av jordskorpa som har sokke inn langs éi eller fleire forkastingar.
Ein kan sjå ein graben i overflata som ei rift eller ei kløftforma forsenking og oppstår når eit kontinent sprekk opp, som til dømes i Riftdalen i Aust-Afrika, Rhinrifta, Bajkalrifta, Jordandalen med Daudehavet.
Eldre grabenar kan vere fylte med sedimentære avleiringar, som til dømes Vikingraben eller Sentralgraben i Nordsjøen.
Oslo-området ligg i ein graben frå permtida. Geologane kallar dette området Oslofeltet eller Oslograben. Oslofjorden mellom Slemmestad og Nesodden er òg ein graben. På Spitsbergen er den 120 km lange Wijdefjorden graven ut langs ein graben eller ei gravforkasting.
«graben» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Graben, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.