Forkasting

Forkasting er ei jordskorperørsle der ei blokk flyttar seg i forhold til ei anna blokk langs ei vertikal, eller sterkt hellande brotsone, som vert kalla forkastingsflata.

Forkastinga oppstår når spenninga i jordskorpa blir så stor at delar av ho får rørsler i høve til andre delar. Ved friksjon kan det dannast glideflater mellom dei to blokkene, og det oppstår glidestriper på forkastingsplanet, og ofte vert sidebergarten knust opp slik at ein får rivingsbreksje langs forkastinga. Rørslene kan vera loddrette, vassrette eller på skrå imellom lodd- og vassrett.

Forkasting
Ulike typar forkastingar. Pilene syner relative rørsler. Kva som stig eller søkk ikkje mogeleg å seie.
Forkasting
Ei forkasting ved Bjerkås, det eldste laget øvst og til venstre. (Foto: Kjetil Lenes)
Forkasting
Linene syner brotlina og dei relative rørslene. (Illustrasjon: Kjetil Lenes)

Forkastingane kan skje langs meir eller mindre parallelle liner. Då kan området mellom linene bli liggande høgare eller lågare enn landet omkring. Det blir då kalla horst eller graben. Oslofeltet er eit slikt nedsokke område kalla ein graben eller ei søkkegrop. Gropa er avgrensa av forkastingar der det har vore vertikale rørsler i meir enn 2000 år. Horisontale rørsler kjenner ein mellom anna ved den aktive San Andreasforkastinga i California. Når spenninga byggjer seg opp i ei slik forkastingssone, får ein jordskjelv når spenninga vert utløyst. Ved eitt enkelt jordskjelv kan grunnen forskyve seg fleire meter.

Kjelder

«forkastning» i Store norske leksikon, snl.no.

Tags:

FriksjonRivingsbreksje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OboStyresettByar i OmanDen kalde krigenMolde kommuneCristiano RonaldoBjørnøyaUTCVerkstadSovjetunionenBlåmannXboxPetter NorthugJon FosseWiki CommonsDesta Marie BeederVM i fotball 2022GesimsOmanbuktaSpekkhoggarReutersBjørnstjerne BjørnsonTermisk diffusivitetPetter DassKol2020KirkeristenEnglandMiljøproblemKirkenærRoger KjendalenHarald EiaOrbitalRussisk litteraturKjeleelvtindenRepublikkKristopher SchauHandball-EM 2004 for mennAlderspensjonUkrainsk kulturWikipediaPolarlysRådyrStortinget T-banestasjonNordfjordeidBjørkefinkWehrmachtArabiskNasjonalbiblioteketAugust den sterkeJordskorpeplateBM-21StrategispelBergenTrabzonStomiJohann Sebastian BachKalkulusHundIsaac NewtonMalariaHellerman RocksGrønPetter SalstenAdministrativ inndeling i HellasCharlène av MonacoSamleieDet nederlandske koloniriketSpedbarnHardy-gutteneTyrkia🡆 More