Gråor: Planteart

Gråor eller gråolder (Alnus incana) er eit tre av oreslekta i bjørkefamilien.

Gråor
Gråor
Gråor
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av gråor
Utbreiinga av gråor
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Bøkeordenen Fagales
Familie: Bjørkefamilien Betulaceae
Underfamilie: Betuloideae
Slekt: Or Alnus
Art: Gråor A. incana
Vitskapleg namn
Alnus incana
Moench

Skildring

Gråor: Skildring, Utbreiing, Underartar 
Botanisk illustrasjon av gråor.

Gråora kan på god jord bli oppunder tjue meter høg med stamme og kjegleforma krone. På skrinnare jord eller myrjord veks ho ofte buskaktig.

Gråora har glatt grå bark med eit grønt skjer. Eldre bark kan få eit fåtal djupe furer nedst på stammen. Vinterknoppane er purpurraude, skota er raudbrune på oversida og olivengrøne på undersida. Blada er skarpt tanna matt grøne på oversida og grålege på undersida. Unge blad er hårete over det heile; eldre blad er hårete berre langs nervebanane.

Gråora er av dei tre som blomstrar tidlegast, i Noreg blomstrar ho gjerne i april. Horaklene sit i grupper på 3 til 8 på lysbrune, finhåra stilker. Frøet sit i ein nøttefrukt som flyt godt, slik at ora lett spreier seg langs vassdrag.

Utbreiing

Gråor: Skildring, Utbreiing, Underartar 
Gråor ved ei elv.

Gråor finst i fleire område på den nordlege halvkula. I Noreg veks treet vilt over nesten heile landet.

Gråora veks gjerne på flaummark og i fuktige lier, helst på leirgrunn. Ho er hardfør og toler godt frost.

Gråora er rask til å etablere seg på nye flater, som på rasmark. Treet veks raskt, men det vert ikkje særleg gammalt, ofte berre 40 år, men kan og bli opptil 200 år.

Ora veks i symbiose med soppen Schinzia alni, som lever i knollar på orerøtene. Desse tar opp nitrogen frå lufta. Den rike tilgangen på nitrogen gjer at ora kan tillate seg å felle grøne blad. Slik aukar næringsinnhaldet i skog med oretre.

Underartar

Vanleg gråor, ssp. incana, er i Noreg vanlegast i låglandet, men manglar ytst på kysten.

Kolagråor, ssp. kolaensis, har meir nordaustleg utbreiing, og er vanleg i fjellskogen.

Mellomformer av underartane er vanlege.

Bruk

Zunifolk har tradisjonelt brukt gråorbark til å gje hjorteskinn ein raudbrun let.

Veden er laus og lett. Sidan han er lett, er brennverdien tilsvarande låg, omtrent som for gran, med tørr gråorved har den fordelen at han gir lite røyk og lite gneistar.

Under andre verdskrigen vart gråora sterkt etterspurt som brensel i gassgeneratorar, som også vart bruka til framdrift av bilar.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff


Tags:

Gråor SkildringGråor UtbreiingGråor UnderartarGråor BrukGråor KjelderGråor BakgrunnsstoffGråorOr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NakenskapUkrainsk kulturDogs av Pink FloydPalauEngelskBalusterPilWayback MachineSikhismenZinédine ZidaneMarianegropaDen norske språkstridenMotiv i bildeSamiske slektsnamnLufttrykkCristiano RonaldoFeilslutningInsulinDet franske koloniriketJomfru MariaVendlandJonas LieBrusselHistorisk oversyn over kommunar i HordalandTønsberg kommuneMetéoraIltalehtiIvar Lo-JohanssonNynorsk WikipediaSpedbarnRekreasjonAstrid LindgrenEikefjord idrettslagHolbækAldous HuxleyFrozenReutersKenth EldebrinkLeksikon23. aprilBoge i arkitekturenHjortAtenTeltMouzákiPeriklesVestlandetRomandieStorbritanniaSilje NordnesElisabeth TerlandGoiásSystem of a DownFossekallRekonvalesensHaikuJærenStareBodø kommuneHarald EiaEnglandAmalie SkramGeitTommeNasjonalbiblioteketOslo Øst fotballRimMorfemPetter SalstenFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabAdolf Hitler🡆 More