Svartor: Planteart

Svartor (Alnus glutinosa) er eit tre i bjørkefamilien.

Svartor
Svartor
Svartor
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av svartor
Utbreiinga av svartor
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Bøkeordenen Fagales
Familie: Bjørkefamilien Betulaceae
Underfamilie: Betuloideae
Slekt: Or Alnus
Art: Svartor A. glutinosa
Vitskapleg namn
Alnus glutinosa
Gaertn.
Svartor: Utbreiing, Utsjånad, Bruk
Svartorfrø

Utbreiing

Svartor veks over nesten heile Europa. Berre heilt i sør og heilt i nord er han ikkje å finne. I Noreg veks han langs kysten nord til Snåsa i Nord-Trøndelag, og på Austlandet nord til Åsnes. Han veks langs vatn og elvar og på myr med høgt grunnvatn. Svartor er varme- og lyskrevjande.

Utsjånad

Svartor skil seg frå gråor ved at barken på eldre tre er mørkare og meir oppsprukken. Blada er blanke, ovale og butte i enden. Som unge er dei kleimute. Han blømer tidleg. Raklane er ofte utsprungne før hasselen. Frøa er, liksom på gråor, plasserte i forveda horaklar som liknar på konglar. Dei står ofte på treet over vinteren. Frøa, orenøttene, har luftfylte lister som gjer at dei flyt godt og kan spreiast med vatn. Svartor kan verte ganske store tre. Under gunstige forhold kan han verte 25-30 meter høg. Stammediameteren kan verte 50-80 cm. Svartortrea vert sjeldan gamle. 100 år er ein vanleg alder. Under visse forhold kan han verte 300 år.

Orerøtene er nitrogenfikserande. Ved hjelp av bakterieknollar kan trea take opp fritt nitrogen frå lufta. Den gode tilgangen på nitrogen er truleg årsak til at ora kan felle lauva medan dei er grøne.

Bruk

Oreved har vorte rekna som beste materialen til protesar. Han har og vore nytta til å lage treskor av. Dette fordi han er lett og god til å bearbeide med skjerande jarn. I seinare tid har oreveden vorte meir allsidig bukt. Mellom anna vert han brukt til møblar, panel og kjøkkeninnreiing. I styrke og andre mekaniske eigenskapar liknar han mykje på bartre. Han rotnar lett i fuktig miljø, men er godt haldbar i konstruksjonar som er plasserte under vatn.

Veden har eit gylt preg. Han er lett å farge, og vert brukt til å imitere andre treslag som mahogni og palisander. Oreveden eignar seg godt til kjerald for mat og drikke då han ikkje set smak på matvarer. Av same grunn vert han brukt i matbuer og spiskammer.

Or er også mykje brukt til røyking av mat. Or gjev mild smak av røyk, samtidig er den nitrogenhaldige oren ekstra konserverande for røykt mat.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Tags:

Svartor UtbreiingSvartor UtsjånadSvartor BrukSvartor KjelderSvartor BakgrunnsstoffSvartorBjørkefamilien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KlitorisGro Harlem BrundtlandNasjonaldrikkKirkenærTraktorMåltidNettlesarDurraROBEKOdalizerKvadratmeterVåren av Aasmund Olavsson VinjeMarathiKredittkortNasjonalrettTwitterByar i HellasTutankhamonNæringslivTigerKristopher SchauFirehundreårsnattaNapoléon BonaparteOsloAC/DCDen amerikanske grunnlovenDigital object identifierKelly ClarksonCC AmfiHaram kommuneDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenPippi LangstrømpeAl-KhwarizmiHønsehaukSwire SeabedKabaddiSikhismenSusanne SundførSkandinaviaMarokkoRomanian born french cryptologistKolmuleBelgiaKvalsafariSevernaja ZemljaCristiano RonaldoPink FloydAmfípoliVulkanar i ItaliaTjeldStillehavetUbehaget i kulturenHenri av LuxembourgRekonvalesensSigmaAsbjørnsen og MoeDei fem K-ane i sikhismenMargrethe II av DanmarkKelvinTyrkiaMusvåkBerlinmurenAnne HoltMartin ØdegaardGhanaPakistanOboBonitetElon MuskBerlinblokadenJonas Gahr StøreFin GnattAngstCharlène av MonacoPico da Neblina🡆 More