«Communication Breakdown»
Good Times Bad Times Singel av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. mars 1969 | |
Innspelt | Oktober 1968 i Olympic Studios i London | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page, Robert Plant | |
Tekstforfattar | Jimmy Page, John Paul Jones, John Bonham, Robert Plant | |
Låtskrivar(ar) | John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
Good Times Bad Times | «Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)» (1969)
|
«Good Times Bad Times» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin og finst som opningsspor på debutalbumet deira Led Zeppelin frå 1969. Songen vart òg gjeven ut som singel med som B-side. Singelen nådde 80. plass på singellista i USA.
For gitarsoloen køyrte gitarist Jimmy Page Telecasteren sin gjennom ein Lesliehøgtalar for å skape ein roterande effekt. Denne høgtalartypen har ein roterande del og var laga for Hammondorgel. Gitarar kunne òg nyttast. George Harrison og Eric Clapton nytta denne teknikken på Cream-songen «Badge», og Harrison nytta han fleire gonger på The Beatles-innspelingar. I eit intervju han gav Guitar World i 1993 forklarte Page:
« | Eg hugsar eg nytta brettet til å overanstrenge ein Leslie-høgtalar for hovudriffet på «How Many More Times». Det høyrest ikkje ut som ein Leslie, fordi eg slo av rotasjonen på høgtalarane. Gitaren går gjennom brettet, så gjennom ein forsterkar som dreiv Leslie-kassen. Det var eit vellukka eksperiment. | » |
Page, som òg var produsent på innspelinga, plasserte mikrofonar over heile studioet for å fange live-kjensla då songen vart spelt inn.
Songen er kjend for trommerytmen der trommeslagar John Bonham spelar ei rekkje sekstande-dels triolar på ei enkel basstromme, ein effekt mange seinare trommeslagarar har etterlikna, i tillegg til å spele fjerdedelsnotar på hi-haten med venstrefoten gjennom heile songen. Bonhan utvikla visstnok denne teknikken etter å ha høyrt på Vanilla Fudge. Han var ikkje klar over at trommeslagar Carmine Appice faktisk spelte på dobbel basstromme. Som Page sa:
« | Det mest makelause med heile songen er sjølvsagt den utrulege stortromma til Bonzo. Det er overmenneskeleg når du skjønar at han ikkje spelar med doble pedalar. Det er ein pedal! Det var då folk forstod kva han var laga av. | » |
Bassist John Paul Jones har kommentert bidraget sitt på songen:
« | Vanlegvis var alt [av Led Zeppelin] med mange notar mitt og alt med små akkordar Page sine. Ting som «Good Times Bad Times», dei er mine typar riff, dei er ganske travle. | » |
Jones sa at riffet han skreiv for songen var eit av dei vanskelegaste han har skrive.
«Good Times Bad Times» vart sjeldan spelt på konsertar i sin heilskap. Eit par gonger i 1969 vart han nytta som introduksjon til «Communication Breakdown». Heile songen vart framført som ein medley i lag med «Communication Breakdown» i LA Forum den 4. september 1970, der han òg inneheldt ein bassolo av John Paul Jones (finst på piratkopialbumet Live on Blueberry Hill), og fleire «Whole Lotta Love» medleyar i 1971. Songen var opningssong på Led Zeppelin-konserten i O2 Arena i London den 10. desember 2007.
Songen vart spela i filmen The Fighter. Dette er ein av få gonger at nokre av songane til bandet er nytta i filmar.
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Good Times Bad Times, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.