Gobiørkenen er ein av dei største ørknane i verda.
Han dekkjer sørdelen av Mongolia og norddelen av Folkerepublikken Kina i regionen Indre Mongolia. Ørkenen dekkjer om lag 1 295 000 km².
Gobiørkenen | |||
ørken | |||
Land | Kina, Mongolia | ||
---|---|---|---|
Gobiørkenen 42°30′N 103°00′E / 42.5°N 103°E | |||
Wiki Commons: Gobi Desert | |||
Gobiørkenen er ein relativt kald ørken, der ein stundom kan sjå rim og snjo på sanddynene. Dette kjem av at han ligg langt nord, og høgt oppe mellom 900 og 1500 moh. Temperaturane kan variera mellom - 40°C om vinteren og + 50°C om sommaren. Det kan også blåsa kraftig i ørkenen.
Av planteliv finn ein gras og buskar som toler turke. I den mongolske delen lever det nomadar som gjetarar i utkantane av ørkenen. No er dei for det meste fastbuande.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gobiørkenen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.