Gaetano Scirea (25.
mai">25. mai 1953–3. september 1989) var ein italiensk fotballspelar frå Cernusco sul Naviglio i Milano-provinsen. Han vert særleg hugsa for sine 14 år på klubblaget Juventus og sine mange år som midtstoppar på det italienske landslaget, der han var med på å vinne VM i fotball 1982.
Scirea med Juventus i 1975 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Gaetano Scirea | ||
Fødd | 25. mai 1953 | ||
Fødestad | Cernusco s.N. i Italia | ||
Død | 3. september 1989 (36 år) | ||
Dødsstad | Babsk i Polen | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Forsvar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1972–1974 | Atalanta | 58 | (1) |
1974–1988 | Juventus | 377 | (24) |
Totalt | 435 | (25) | |
Landslag | |||
1978–1986 | Italia | 78 | (2) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Scirea spela for Atalanta frå 1972 til -74. Han debuterte i Serie A 24. september 1972 i kamp mot Cagliari. Sommaren 1974 vart han overført til Juventus, der han snøgt spela seg til fast plass i midtforsvaret. Allereie i sin fyrste sesong for klubben vart han seriemeister, seinare skulle han vinne seks fleire seriemeisterskap for Juventus. Gjennom desse åra var han også med å vinne alle dei tre europeiske klubbturneringane; UEFA-cupen, Cupvinnarcupen og Europacupen.
I 1987/88-sesongen mista Scirea plassen i fyrsteellevaren og la opp. Han hadde då spela 377 seriekampar og skåra 24 ligamål for Juventus, samt 85 europa-kampar og mange nasjonale cupkampar.
Scirea fekk sin landslagsdebut for Italia i ein vennskapskamp mot Hellas den 30. desember 1975. Han var med i dei italienske landslagstroppane både til VM i fotball 1978, EM i fotball 1980 på heimebane, VM i fotball 1982 og VM i fotball 1986. Både i 1978 og 1980 vart Italia nummer fire. Under VM 1982 i Spania gjekk Italia heilt til topps, etter å ha slått Vest-Tyskland 3-1 i finalen. Han spela sin 78. og siste landskamp under VM 1986 i Mexico.
Scirea omkom hausten 1989 i ei bilulukke i Skierniewice i Polen, medan han var på såkalla speidaroppdrag for Juventus.
Gaetano Scirea på FIFA sin offisielle nettstad
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gaetano Scirea, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.