G20 er eit uformelt forum for drøfting av økonomiske problemstillingar.
I forumet deltek leiande industrialiserte land og leiande utviklingsland.
G20 er samansett av dei 20 største økonomiane i verda. Medlemmer (2008) er dei 19 statane Argentina, Australia, Brasil, Canada, Frankrike, India, Indonesia, Italia, Japan, Kina, Mexico, Russland, Saudi-Arabia, Storbritannia, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyrkia, Tyskland og USA i tillegg til Den europeiske unionen. I tillegg deltek Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken.
På dei årlege G20-møta samlast finansministrane og sentralbanksjefane i medlemslanda for å diskutere dagsaktuelle politiske og økonomiske saker.
G20-landa står for 85-90 prosent av brutto nasjonalprodukt i verda og 80 prosent av utanrikshandelen. Landa har to tredeler av befolkninga i verda.
G20-medlemer: |
G20 overtok rolla til G33 som igjen avløyste G22. Planane om ei slik gruppe kom fram under G7-møtet i Köln i Tyskland i juni 1999, og gruppa vart formelt etablert under møtet til G7-finansministrane 26. september 1999. Det konstituerande møtet vart halde 15. desember-16. desember 1999 i Berlin.
(Lista er ikkje komplett)
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article G20, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.