François Jacques Le Fort eller Lefort (2.
januar">2. januar 1656–12. mars 1699) var ein sveitsisk offiser i russisk teneste og Peter den store sin favoritt.
François Le Fort | |
Statsborgarskap | République de Genève, Det russiske tsardømet |
Fødd | 2. januar 1656 Genève |
Død | |
Yrke | politikar, militær |
Språk | fransk, russisk |
François Le Fort på Commons |
Le Fort var fødd i Genève. Le Fort-familien var hugenottar som flykta frå Piemonte til Genéve og der vart høgt verdsette og velstående handelsfolk. François , son av kjøpmannen og drogisten Jacques Le Fort og kona Françoise Lect, dotter av generalstatsadvokaten Pierre Lect, var veslebror til Ami Le Fort.[treng kjelde]
Sidan faren hadde staka ut for han ei framtid som handelsmann, vart Le Fort i 1672 som 16-åring send frå foreldreheimen i handelslære til Marseille. I 1674 gjekk han i staden inn på militær tenesteveg.
Le Fôra tredde som ung mann i 1674 i inn i nederlandsk krigsteneste. I 1675 reiste han over Arkhangelsk til Moskva, der han ei tid gjorde teneste som dansk legasjonssekretær. Han fekk ein viss respekt mellom utlendingane i Moskvas tyske forstad (Nemetskaja sloboda).[treng kjelde]
I 1678 gifta han seg med Elisabeth Souhay, dotter av François Souhay, ein fransk oberst i tenesta til tsaren. Han tredde same år òg sjølv inn i tsar Fjodor IIIs teneste som kaptein i den russiske hæren og deltok i felttoga mot tyrkerne og tartarane 1681-89 og avanserte til oberst.
I år 1682 vart han kjend med den unge tsar Peter (seinare - den store) og vart innan kort tid god ven med honom.[treng kjelde]
Le Fort vann Vasilij Golitsyns tillit men slutta seg etter statskuppet i 1689 til tsar Peter og vart i 1694 storadmiral og overgeneral med oppdrag å europeisera krigsvesenet. Han leidde saman med Fjodor Golovin og Patrick Gordon det mislukka Azov-felttoget i 1695 og vart i 1697 guvernør over Novgorod. I åra 1697–98 var han òg ein av dei tre ambassadørane i den russiske sendeferd som reiste til utlandet (til dømes Nederland) og var i fylgjet til tsar Peter - som skulle vera inkognito. Han hjelpte tsar Peter i arbeidet med å leggja grunnen til den russiske sjømakt og auka landet sineavlingar og næringar ved å tilkalla tyske og franske kunstnarar og handverkarar.[treng kjelde]
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article François Le Fort, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.