General er ei høgt rangert grad i fleire militærvesen.
Nemninga kan brukast om alle generalgrader, som generalløytnant og generalmajor, eller kan vera ei eiga grad.
Blant norske militære grader er general den høgaste offisersgrada i Hæren og Luftforsvaret, medan admiral er den høgaste i Sjøforsvaret.
I Noreg blir tittelen brukt til dagleg om generalløytnantar og generalmajorar, men i formelle samanhengar viser han til ein verkeleg general, ei grad berre den norske Kongen og forsvarssjefen har. Symbolet for grada er fire stjerner på ein gullfarga bakgrunn.
I Noreg er generalløytnant grada like under general i Hæren og Luftforsvaret.
I Noreg er det inga grad over general.
Det har funnest og finst høgare grader i nokre land, som tysk generaloberst og den politisk utnemnde stillinga feltmarskalk (i Tyskland generalfeltmarskalk).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article General, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.