Førjulstid er tidsrommet før jul der ein førebur feiringa gjennom å skaffa julegåver, laga og hengja opp pynt, gjera reint og laga til mat.
Handelsstader bruker førjulstida til å selja gåver, mat og pynt som høyrer jula til. For mange er det denne tida dei har det største salet, og dei kan leggja mykje arbeid i juleutstillingar og underhaldning i tida før jul. Julestrida, alt arbeidet rundt det å førebu jula, er knytt til denne tida.
Ein kan markera at førjulstida er begynt ved å setja opp elektriske julelys og jule- eller adventspynt. Ein kan ha koselege stunder der ein tenner levande lys eller drikk særskilde drikkar, som gløgg. I samband med advent kan ein ha ein adventskalender.
Det kan haldast mindre feiringar, som luciadagen, julebord, juleselskap eller juleverkstad, samlingar der ein kjem saman for å førebu gåver, pynt eller søtmat til jul. Det blir også arrangert julekonsertar med julemusikk og teaterførestillingar med julespel.
Kva tid førjulstida tek til er det ulike tankar om i ulike samfunn og delar av samfunna. I Noreg og mange andre stader er det vanleg å rekna advent frå 1. desember som førjulstid. Hjå andre kan ho byrja to veker eller ein månad eller før jul. I USA er «Black Friday», dagen etter Thanksgiving i slutten av november, blitt den vanlege byrjinga på julesalet med nedsette prisar for å lokka kundar. Butikkar kan ta til å selja juleeffektar i oktober, men mange reknar dette som ein for tidleg, ein «tjuvstart» på førjulstida. Organisasjonen Fremtiden i våre hender starta kampanjen «Gi oss jula tilbake!» mot det dei rekna som ei øydeleggjande forlenging av jula. Kampanjen blei lagd ned etter at julemarsipan var å få kjøpt frå 26. september 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Førjulstid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.