Krampus

Krampus er ein djevelskikkelse eller eit truande monster med bukkehorn som ifølgje folketradisjonar frå Aust-Alpene opptrer i førjulstida.

Krampus finst blant anna i opptog saman med Sankt Nikolas, forløparen for den moderne julenissen, på festdagen hans nilsmesse den 6. desember eller på nilsmesseaftan kvelden før. Medan Nikolas deler ut gåver til lydige barn, skremmer og straffar Krampus dei uskikkelege.

Krampus
«Helsing frå Krampus», tradisjonelt «krampuskort» (Krampuskarte) frå tidleg på 1900-talet. Medan den snille jenta har fått eple, fangar Krampus den rampete guten i konten sin.

Krampus har vore særleg viktig i Austerrike. Der har skikkelsen hatt rolle som Fanden, ein folkeleg variant av djevelen, i tillegg til å vera gåveutdelar den 6. desember, på same måte som Nikolas.

Tradisjonar

Krampus 
Avisteikning frå 1896 som viser to personar utkledd som Krampus og Sankt Nikolas som vitjar barnefamilie i Wien. Krampus, i maske med bukkehorn og lang tunge, ber gåvene til Nikolas men held samstundes eit trugande ris bak ryggen.
Krampus 
Utkledde «krampussar» (på tysk Krampusse) i tradisjonelt «Krampusløp» (Krampuslauf) i Altaussee i Austerrike. Variantane her blir lokalt kalla Miglon og går kvar 5. desember i skrikande grupper frå hus til hus. I følgjet er òg den gavmilde Sankt Nikolas som held krampus-udyra i lenkjer.
Foto: ca. 2013
Krampus 
Ein person utkledd som Krampus ved Morzger Pass i Salzburg.

Opphavet til Krampus er uklart, men visse folkloristar har foreslått eit samband tilbake til germanske skikkar i førkristen tid. Han blir mellom anna sagt å vera son av Hel i Helheim. Tradisjonane varierer gjennom tidene og frå stad til stad, men likskapen med den horna guden til heksene er tydeleg. Bjørkegreiner minner om innvigselsriter i visse heksesamfunn, som inneber å bindast og å bli piska som ei form for liksom-død. Lenkjene kan vera eit kristent forsøk på «å binda djevelen» eller ei leivning av ein heidensk rite.

I Austerrike, Bayern, Ungarn, Tsjekkia, Kroatia, Slovakia, Slovenia og Sør-Tirol har skikkelsen vore kjend under ulike namn sidan mellomalderen og utvikla seg til ein av dei mange følgjevenene eller hjelparane til Sankt Nikolas. Når Nikolas løner snille born med gåver, straffar Krampus dei som har vore ulydige. Han kan til dømes fanga borna i sekken og risa eller banka dei, eller bortføra og i verste fall eta dei. I andre tradisjonar, som den italienske Befana, kjem følgjet om natta og legg igjen godteri og hyggelege smågåver i strømper og skor, eller i staden riskvaster og kolbitar som teikn på at ungane fortener straff. I motsetnad til andre av Nikolas sine følgjevener - mellom dei Knecht Ruprecht («Rupert Knekt») og Christkind (Christkindl, «Kristusbarnet») i Tyskland, Belsnickel (òg kalla Pelzebock, Pelznickel) i Tyskland og tyske miljø i USA, og den opphavleg skremmande «negertenaren» Zwarte Piet i Nederland - kan Krampus opptre som ein flokk av fleire Krampus-udyr.

I fleire byar, først og fremst i Alpane, blir det kvart år arrangert opptog der unge menn kler seg ut som Krampus med horn, skinn og skremmande dyre- og djevelmasker, og larmar gjennom gatene med bjøller, piskar og hyl. Opptoga blir på tysk kalla Krampuslauf («krampusløp»). Det har òg vore tradisjon for Krampuskarten, førjulskort med bilde av Krampus.

Sjå òg

  • Perchta (Berchta, Bertha), kvinneleg figur i mørk og lys versjon knytte til vinterOLverv i østerriksk og sørtysk folketradisjon
  • Knecht Ruprecht, gåveutdelar og hjelpar til Sankt Nikolaus i nordtysk tradisjon
  • Belsnickel, gåveutdelar med sekk og risekvist i tysk tradisjon
  • Zwarte Piet, «negerslave» som følgjer Sankt Nikolaus og er gåveutdelar på nilsmesseaften i nederlandsk tradisjon
  • Le Père Fouettard, «Fader Pisk» som følgjer Sankt Nikolaus og straffar slemme born i fransk tradisjon

Kjelder

Tags:

Dei austlege AlpaneDjevelenHeilage NikolasJulJulenissenMonsterNilsmesse

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

CiceroEmmelie de ForestLimaSjangerDei sameinte nasjonane633NangijalaMonacoDet norske alfabetetNynorskSovjetunionenMøteplassSilvevNettrollBrennverdiBloggMeirSaudiarabisk geografiHåvard RemLise AmundsenHochalmspitzeNile RodgersFilmen Land og fridomAlfred MaurstadAddress Resolution ProtocolMekkaYankeeBergen kommuneBo WiderbergGezer regionale kommuneErlend Blaalid OldeideKelly ClarksonNynorsk WikipediaDisney Channel SkandinaviaReligionskrigManuel ChrysolorasLinn UllmannRagnar LodbrokDen gamle verdaSaksofonRonja RøverdatterClaudio LangesÍpirosPannemerke i hinduismenEfesosJordskorpeplateArne Kjell LarsenROBEKSentral-MakedoníaFrankrikeFridomAmalie SkramZinédine ZidaneItaliensk salatOrganistKalebassNicolette LarsonHollandIvar Lo-JohanssonMaud av NoregKonsensusmodellenDickey BettsBill ChamplinRolf KjødeDet angolanske kvinnelandslaget i handballNonStein EriksenSnow White and the Seven DwarfsDie WelleImperialismeAfrikaHalloMatematikarNasjonaldagSola kommuneLitauenEinat🡆 More