Julemusikk

Julemusikk omfattar ei rekke ulike typar musikktypar knytte til juletida, frå klassisk instrumentalmusikk og juleoratorium til meir folkelege julesongar med tekstar som kan knytta dei til juleevangeliet, julefeiring, julefigurar eller vinteren.

Julemusikk kan framførast eller spelast i kyrkjer, på konsertar, i butikkar og handlesenter, privat og ved festar.

Julemusikk
Julekonsert i ei svensk kyrkje.
Julemusikk
Julegruppe (Christmas band) i Cape Town i 2001.
Foto: Henry Trotter
Julemusikk
Korps held utandørskonsert på juledagen i Bollington i England i 2016.
Foto: Donald Judge

Historie

Musikk knytt til jul kan førast tilbake til Romarriket på 300-talet, med latinske hymne som «Veni redemptor gentium». Etterkvart blei det også laga julesongar på folkespråk, mellom anna under påverknad frå Frans av Assisi. I engelsk tradisjon blei det laga carolar, songar ein kunne dansa til, til jul. I 1426 nemnde John Awdlay 25 caroles of Cristemas i eit verk, truleg songar framørte av vandrande wassailerar. På 1500-talet blei det skrive fleire julesongar som framleis blir sungne, som «Det hev ei rose sprunge» og «Å juletre» (på tysk) og «God Rest You Merry, Gentlemen».

Johann Sebastian Bach sitt juleoratorium, BWV 248, er ei barokk tolking av juleevangeliet skrive til jula 1734 som er blitt framført ved juletider sidan. Peter Cornelius komponerte eit verk av seks songar knytte til jul kalla Weihnachtslieder.

Andre kjende komponistar har skrive instrumentale verk til jul, som Antonio Vivaldi sin fiolinkonsert RV270 Il Riposo per il Santissimo Natale ('For den alleheilagaste jula') og Julekonsert (1690) av Arcangelo Corelli. Andre klassiske verk knytte til jul er mellom anna L'enfance du Christ (1853–54) av Hector Berlioz, Oratorio de Noël (1858) av Camille Saint-Saëns, Nøtteknekkeren (1892) av Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij, Fantasia on Christmas Carols (1912) av Ralph Vaughan Williams og A Ceremony of Carols (1942) av Benjamin Britten.

George Frideric Handel sitt oratorium Messias blir ofte framført til jul. Sjølv om det opphavleg blei skrive for å framførast til påske, dekkjer det delar av den kristne juleforteljinga.

Døme

Kjende norske julesalmar

Songleikar

Populærmusikk

Klassisk musikk

Kjelder

Julemusikk  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Julemusikk HistorieJulemusikk DømeJulemusikk PopulærmusikkJulemusikk Klassisk musikkJulemusikk KjelderJulemusikkJulJuleevangelietJuleoratoriumJulesongarKonsertKyrkje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

CiceroCarl XVI Gustaf av SverigeSentral-TzoumérkaMichael UhrmannLuciano PavarottiBlåmannKristoffer Tømmerbakke2024Pierre-Simon LaplaceGoOppland fylkeMrs. RobinsonEyvind JohnsonEndetarmKlimaÅkerbærÍpirosListe over primtalJerry Leiber og Mike StollerSeladonBjörn SkifsRoger McGuinnFilmserien Harry PotterLimaLatin-AmerikaSystem of a DownEli Kari GjengedalDS «Vesteraalen»Desta Marie BeederLagerthaIrritasjonHerman WildenveyFriluftslivEHelena BrodtkorbVulvaUngkarThesprotíaNihilismeCasanova av SupergruppaØrsta kommuneRagnar LodbrokManuel Isidoro BelzuNynorskdagenNederlandskStrategispelVolda kommuneFredrik SkavlanIslandMykeneFrits ThaulowUniversity of FloridaMartha SkrettebergZinédine ZidaneSydneyKarikaturRundeDei sameinte nasjonaneJoe BidenSvastikaMaren LundbyFree Fallin'StyresettKanye WestJuhani JärvinenGraham Nash157Jaroslav SakalaAustraliaItaliaMichael TetzschnerJomfru MariaFilmen EllingSerious Hits… Live!🡆 More