Det hev ei rosa sprunge
Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia
«Det hev ei rosa sprunge» er det nynorske namnet på den folkelege tyske julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» frå kring 1587. Teksten tek utgangspunkt i Jesaja 11,1: Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.[1]
Den mest utbreidde tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet som vart arrangert som firstemmig korsats av Michael Praetorius i 1609. Denne korsatsen dannar grunnlaget for harmoniseringa som er brukt i Norsk Koralbok[2]
Den omsetjinga som er oftast nytta i Noreg vart gjort av Peter Hognestad i 1919 og 1921. Hognestad omsette dei to fyrste versa av teksten frå 1587, og eitt vers av ein annan tekst, skriven av Friedrich Layriz frå 1844. I Norsk Salmebok står «Det hev ei rose sprunge» på nummer 38.
Nynorskversjonen av songen er mest brukt i Noreg. På bokmål heiter han «En rose er utsprungen». Det engelske namnet er «Lo, how a rose e’er blooming».
Første verset av songen
Nynorskversjon frå 1919 | Tysk versjon frå 1599 |
---|---|
|
|
Kjelder
- ↑ Jes 11,1-2 ved Bibel.no
- ↑ Norsk Koralbok s. 22, Verbum, Oslo 1985
Bakgrunnsstoff
- Salmebloggen til Leif Haugen Arkivert 2009-12-09 ved Wayback Machine.
- Arne og Vera Dahlø (1998). «En rose er utsprungen». Våre vakre julesanger : julesanger gjennom alle tider. Oslo: Orion. s. 22-24. ISBN 82-458-0223-9.
This article uses material from the Wikipedia article Det hev ei rose sprunge, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.