Engelsk Bulldog

Engelsk bulldog (FCI #149) er ein britisk hunderase som også kjent som britisk bulldog og bulldog.

Engelsk Bulldog
Engelsk bulldog.

Opphav

Engelsk Bulldog 
Championen Rodney Stone (England, ca. 1900)

Nemninga «bulldog» opptrer for fyrste gong i skriftlege kjelder i 1568, men dette viser truleg ikkje til den noverande hunderasen, men må snarare reknast som ei fellesnemning for fleire hundetypar på den tida. Ein reknar med at prototypen oppstod kring 1600. Ei teori har vore at engelsk bulldog blei ala fram frå kryssingar mellom lokale mastiffar og mopsar, men dette er omdiskutert. Sistnemnde hunderase kom til Europa seinare på 1500-talet. Bulldogtypar er kjende frå oksekampar på 1600-talet, men altså ikkje i den forma engelsk bulldog har i dag.

Ein veit at såkalla old english bulldog blei kryssa med mops på 1800-talet, då rasen kan seiast å ha fått den endelege utforminga si. Resultatet var ein kortare, breiare og meir kompakt hund med eit stort, rundt og breitt hovud med kort og svært kraftig snuteparti. Denne hunden var likevel dårleg eigna som kamphund, sidan han mangla snøggleik. Frå då av blei denne hunden meir å rekna som ein familiehund, sjølv om han òg kan ha gode eigenskapar som vakthund.

Den første spesialklubben for bulldogar blei skipa i England i 1878. Den fyrste rasestandarden stammar frå dette miljøet og kom i 1881.

Norsk Bulldog Klubb blei skipa i 1919 og er rekna som ein av dei eldste rasehundklubbane i Noreg. Klubben representerer både engelsk bulldog og fransk bulldog.

Skildring

Engelsk bulldog er ein massiv og svært kompakt bygd hund med stort hovud og lågsett hale. Han har breisette skuldrar og brei brystkasse. Øyrene er breie og høgt sette, små og hengande. Augo er mørke, runde og relativt låge og breitt sett. Idealvekta er 25 kg for hannhundar og 23 kg for tisper. Skulderhøgda er typisk 39-41 cm. Pelsen er kort, slett og fin i strukturen. Utfarginga er raudleg i mange nyanser, inkludert tigra og med kvite innslag. Ansiktet skal ha svart maske.

Tidlegare var det vanleg å kupera både øyre og hale på denne rasen, men kupering er no forbode i mange land (mellom anna dei skandinaviske).

Lynne og veremåte

Engelsk Bulldog 
Engelsk bulldog på stranda.

Engelsk bulldog er rekna om ein energisk, modig og stolt hund, med gode eigenskapar for barnefamiliar. Han knyter gjerne sterke band til eigaren. Pelsen bør stellast dagleg og hudfoldane må haldast under oppsyn for å unngå irritasjonar i huda, som elles lett kan føra til eksem.

Helseproblem

I seinare år har rasen blitt kritisert for å vera gjenstand for såkalla ekstremavl. Han blir mellom anna stadig meir skrukka i huda, og det er kjent at tispene no for tida som regel må føda avkommet sitt med keisarsnitt. Dette kjem av at hovuda til kvalpane er for store til at tispa kan føda på naturleg måte. Rasen har også kraftig underbitt, og det er kjent at han kan ha pustevanskar, særleg ved overvekt. Rasen er dessutan svært kjenslevar for varme, noko som gjer desse hundane spesielt utsette for overoppheiting i sommarmånadene.

På grunn av desse helseproblema retta Dyrebeskyttelsen Norge i 2020 krav om eit forbod mot avl av engelsk bulldog, saman med cavalier king charles spaniel. Søksmålet var retta mot Norsk Kennel Klub, Norsk Bulldog Klubb, Norsk Cavalierklubb og oppdrettarar av dei to rasane. Dyrebeskyttelsen meinte at desse rasane hadde så høg førekomst av alvorlege helseproblem at all avl på desse hunderasane var å rekna som brot på paragraf 25 i Dyrevernloven, som forbyr vidareføring av arveanlegg som påverkar dei fysiske og mentale funksjonane til dyr negativt, reduserer evna deira til å utøva naturleg åtferd, eller vekkjer allmenne etiske reaksjonar. Dyrevernet fekk medhald i Oslo tingrett, som 31. januar 2022 slo fast at avl på rasa var ulovleg. I 2023 endra høgsteretten dommen til at al på engelsk bulldog var lovleg etter eit særskild alsprogram.

I kulturen

Halfdan Petterøe (1876–1939) valde å bruka ein engelsk bulldog, den såkalla «Petterøe's-bikkja», som ein del av varemerket sitt då han grunnla Petterøe Tobaksfabrik i 1905.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Engelsk Bulldog  Commons har multimedium som gjeld: Engelsk bulldog

Tags:

Engelsk Bulldog OpphavEngelsk Bulldog SkildringEngelsk Bulldog Lynne og veremåteEngelsk Bulldog HelseproblemEngelsk Bulldog I kulturenEngelsk Bulldog KjelderEngelsk Bulldog BakgrunnsstoffEngelsk BulldogFédération Cynologique InternationaleHunderasar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det nederlandske koloniriketNykøbing MorsMahatma GandhiRekreasjonBM-21BokormFuerteventuraNoregMax CarlKallifóniStorfuglHurtigrutaNakenskapDet engelske herrelandslaget i fotballVoss heradNederlandskIvar Lo-JohanssonFylkesveg 751Nordland fylkeTallerkenRussells paradoksUbehaget i kulturenKrøllparentesEli Skolmen RygPodsolGrønFeilslutningWikipedia27-årsklubbenAkslaJomfru MariaHanumanKolDurgaVegard UlvangIne Marie WilmannClaus JervellJantelovenAustraliaRakiaZagorá-MourésiTerje StrømdahlPindéosSjakkSpekkhoggarTysklandEli Kari GjengedalBokmålLiberalABBANoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Cristiano RonaldoChampions LeagueRekonvalesensSosialdarwinismeKaptein SabeltannMicrosoft WindowsLangnebbparakittErik AndersenKarsten WarholmTenaza PeakLeksikonZinédine ZidaneDet britiske riksvåpenetAmalie SkramSunnhordlandsdialektBergenROBEKValdresAftonbladetPierre-Simon Laplace🡆 More