Den elektrisk stolen er ein avrettingsmetode der den dømde vert spent fast til ein stol og får festa ein elektrode til hovudet og ein til beinet.
Han vert så gjeven (minst) to elektriske støytar, fyrst eitt på om lag 2000 volt for å verta medvitslaus, så eitt på kring 8 ampere. Det siste varmar kroppen opp til 59 °C og øydelegg dei indre organa.
Den fyrste avrettinga i den elektriske stolen vart gjort 6. august 1890. Han var vanleg i USA på 1900-talet, men var i 2004 berre tillaten i fem delstatar Alabama, Florida, Nebraska, South Carolina, Tennessee og Virginia. Den elektriske stolen har òg vore brukt på Filippinane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elektrisk stol, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.