Despotar: Slekt av sporvefuglar

Despotar (Schiffornis) er ei biologisk slekt innanfor tityrafamilien.

Despotar
Despotar: Skildring, Artsliste, Kjelder
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Tityrafamilien Tityridae
Slekt: Despotar Schiffornis
Bonaparte, 1854

Det er sju artar i slekta, seks av dei lever i skogshabitat i Sør-Amerika, ein finst i Mellom-Amerika og nordvestlege Sør-Amerika. Alle er klassifiserte som livskraftige av Verdas naturvernunion IUCN.

Skildring

Despotar er mellomstore tityraer med berre marginale ulikskapar i fjørdrakt, alle rundt 15,5 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta er fri for kontrastar og markeringar, fargetonane er diffus grønbrune eller olivengrøne. Rustdespot skil seg frå dei andre artane med meir klår kanelfarga fjørdrakt og lysare underside.

Despotar lever av frukt og insekt.

Artsliste

Schiffornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024, Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.

  • Rustdespot, S. major, Varzea Schiffornis, des Murs, 1856, (LC)
    15-15,5 cm, lever i sesongmessig overfløymde område av Amazonas-regnskogen, várzea
  • Olivendespot, S. olivacea, Guianan Schiffornis, (Ridgway, 1906), (LC)
    15,5-16,5 cm, fuktig til våt skog i Guayanaskjoldet
  • Norddespot, S. veraepacis, Northern Schiffornis, (Sclater, PL & Salvin, 1860), (LC)
    15,5-16,5 cm, fuktig til våt skog frå sørlegaste Mexico til vestlege Ecuador
  • Fjellfotdespot, S. aenea, Foothill Schiffornis, Zimmer, JT, 1936, (LC)
    15,5-17 cm, langst austsida av Andes gjennom heile Ecuador der han lever i underskog opp til 1700 moh.
  • Rustvengdespot, S. stenorhyncha, Russet-winged Schiffornis, (Sclater, PL & Salvin, 1869), (LC)
    15,5-16,5 cm, fuktig låglandsskog under 1800 moh. langs austlege Panama, nordlege Colombia og nordvestre Venezuela
  • Brundespot, S. turdina, Brown-winged Schiffornis, (Wied-Neuwied, M, 1831), (LC)
    15,5-16,5 cm, lever i (skog) i Amazonas-bekkenet
  • Grøndespot, S. virescens, Greenish Schiffornis, (Lafresnaye, 1838), (LC)
    15,5 cm, utbreiing i våt galleriskog og moden, gjenreist skog i sørlegaste Brasil og sørlege Paraguay

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff


Tags:

Despotar SkildringDespotar ArtslisteDespotar KjelderDespotar BakgrunnsstoffDespotarBiologisk slektMellom-AmerikaRaudlistingSør-AmerikaTityrafamilienVerdas naturvernunion

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SvarthyllHervør PálsdóttirNaturgjødselInnsjøar i SkottlandEukaryotarNorovirusFribyar for forfattarar og kulturarbeidararUnicodeNitrogenHauge i Dalane1754Anne B. RagdeToompeaNord-KyprosEvangerHenrik II av FrankrikePALOPDavid Ben-GurionVietnamMikhail GorbatsjovRoger FedererRelativitetsteorienScandiumKroatiaHektogramKjetil André AamodtMeranoMarit BjørgenRusslandBeltegrader i judoSløvågFinnøyKasusSigmaBritisk rockPete Best1. divisjon fotball for menn 1977WikiPumoriTsjetsjeniaLyonDominicaReese WitherspoonEselKillingNonNordland fylkeUsbekistanMinneapolisNetflixUTCIntellektuellPåskeprosesjonSjivaRobbie WilliamsMesse i musikkÅl i HallingdalOffentleg eigedomMoss kommuneHenry FordLarvik kommuneNasjonaldrikkØystein SundeDjengis khanSacramentoUngarnSchrödingers kattDeventerNaruhito av JapanHotel CaliforniaMax ManusLeedsIndonesiaSveitsAlsaceDet norske alfabetet🡆 More