Dave Clark

Dave Clark (fødd 15.

desember 1939 eller 1942) er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent og entreprenør. Han var leiar, trommeslagar og manager for beat-gruppa The Dave Clark Five i 1960-åra. Dei var det første bandet i den britiske bølgja som følgde The Beatles til Amerika i 1964. I 2008 vart Clark og bandet hans innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Dave Clark
Dave Clark
Clark på amerikansk fjernsyn i 1965 med The Dave Clark Five
Fødd15. desember 1939 (84 år) eller 15. desember 1942 (81 år)
FødestadTottenham i Middlesex i England
FødenamnDavid Clark
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1957
SjangerBeat-musikk
InstrumentTrommeslagar, låtskrivar
Tilknytte artistarThe Dave Clark Five
Verka somMusikar, låtskrivar, produsentar

Karriere

Dave Clark 
The Dave Clark Five på The Ed Sullivan Show i 1966. Frå venstre: Denis Payton, Dave Clark, Mike Smith, Rick Huxley og Lenny Davidson.

Clark var fødd i Tottenham, som då låg i Middlesex, og slutta på skulen utan utdanning då han var 15 år gammal for å bli stuntmann på film. Han spelte i over 40 filmar. Seint i 1950-åra kjøpte Clark seg eit trommesett og lærte seg sjølv å spele. Han skipa eit skiffleband for å tene pengar, slik at fotballaget hans kunne reise til Nederland. Skifflegruppa utvikla seg til å bli The Dave Clark Five med Clark som leiar, medlåtkskrivar, manager og produsent.

The Dave Clark Five vart gradvis meir populære i Storbritannia. Dei flytta The Beatles sin «I Want to Hold Your Hand» ned frå førsteplassen på den britiske singellista i januar 1964 med sin eigen «Glad All Over». Den britiske pressa kalla dei ei kort stund «den største trugselen» for The Beatles. The Dave Clark Five var det første bandet i den britiske bølgja som følgde Beatles til Amerika i 1964, der dei fekk 15 hittar inn på Topp 20 på rad. Dei spelte òg på The Ed Sullivan Show fleire gonger enn nokon annan engelsk artist. Dave Clark vart eit populært babynamn i 1960-åra.

Andrew Loog Oldham, tidlegare manager for The Rolling Stones, snakka om den tidlege suksessen dei hadde som rivalar til The Beatles:

Om The Beatles nokon gong såg seg over skuldra, så var det ikkje The Stones dei såg. Dei såg The Dave Clark 5 eller Herman's Hermits.

Bandet vart oppløyst i 1970, og ein avart av bandet i 1972. Clark stoppa å spele trommer etter han braut fire knokar i ei akeulukke i 1972.

Han skreiv seinare science fiction-musikalen Time, som hadde sin debut i 1986. Musikalen gjekk to år på West End i London med Cliff Richard (seinare David Cassidy) i ei av rollene. Musikalen lanserte òg eit konseptalbum kalla Time med Richard, Freddie Mercury, Leo Sayer, Stevie Wonder og Dionne Warwick. To millionar eksemplar vart seld og det inneheldt fleire hitsinglar.

Entrepenørskap

Clark er ein suksessrik entreprenør og mangemillionær. Han eig eit hus til 12 millionar britiske pund i Vest-London. Heilt frå starten eigde Clark sjølv alle rettane til musikken til The Dave Clark Five og i 1993 gav han ut nymastra versjonar av alle singlane deira på CD, Glad All Over Again. Seint i 1960-åra, i tillegg til å styre bandet sitt, byrja Clark å regissere og produsere for fjernsyn. I 1968 laga han ein «særs suksessrik» fjernsynsproduksjon, Hold On, It's The Dave Clark Five. I 1980-åra fekk han rettane til det britiske musikkshowet frå 60-talet, Ready Steady Go!.

Då han gav ut ei hitsamling i midten av 1970-åra, budde Clark i USA i eitt år, og unngjek ddermed å betale skatt i Storbritannia. Dei britiske styresmaktene gjekk til retten for dette, men tapte.

Personleg liv

Clark var nær ven med Queen-songaren Freddie Mercury, som han hadde kjend sidan 1976. Clark sat ved senga hans då Mercury døydde i november 1991.

Prisar

I 2008 var det 50 år sidan bandet vart skipa og The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Clark gjorde eit sjeldan offentleg frammøte og i lag med to andre medlemmar av gruppa aksepterte han prisen på vegner av gruppa.

I 2014 skreiv, produserte og medverka Clark i dokumentarfilmen The Dave Clark Five and Beyond: Glad All Over.

Kjelder

Dave Clark  Commons har multimedium som gjeld: Dave Clark

Tags:

Dave Clark KarriereDave Clark EntrepenørskapDave Clark Personleg livDave Clark PrisarDave Clark KjelderDave Clark BakgrunnsstoffDave ClarkBeat-musikkDen britiske bølgjaRock and Roll Hall of FameThe BeatlesThe Dave Clark Five

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SikhismenSkandinaviaEØSSørøya i FinnmarkArian EngebøReinheitsgebotSophie EliseISBNBoge i arkitekturenDUF-nummerRekonvalesensKommunismeAthamánesChristianiaGhanaPeter GabrielNorske dialektarKvalsafariHovudsidePakistan23. aprilElisabeth TerlandAustraliaLike-til-likeJordbruksrevolusjonenAlderspensjonKommunevåpen i NoregE-postHellasDydAnders AuklandKattMaud av NoregDiezeSymbol i hinduismenNederlandskMolde kommuneVictoria av SverigeDamplokomotivJantelovenAkslaKvitveisTríkalaMoskvaOseanografiFridomssosialismeDen kalde krigenJærenBuHistorisk oversyn over kommunar i HordalandSjøløverLufttrykkDet franske koloniriketEli Kari GjengedalAkhelóos i KardítsaOmanMartha SkrettebergMaiOlivettiGrønland24. aprilSigmaSkiáthosMusculus latissimus dorsiUSAFinding DoryDen norske språkstridenGuvernement i OmanForbundsrepublikkSofádesApePalamásHlíðarfjallRakia🡆 More