Leonard Arthur 'Lenny' Davidson (fødd 30.
mai 1944 i Enfield i Middlesex i England) er ein engelsk musikar, mest kjend som gitarist i The Dave Clark Five.
Lenny Davidson | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 30. mai 1944 (79 år) Enfield Town |
Yrke | gitarist |
Språk | engelsk |
Lenny Davidson på Commons |
I følgje Mike Smith (songar og klaverspelar i DC5), såg Dave Clark seg om etter ein sologitarist og spurte Smith om han kjende nokon. Smith tilrådde Davidson og sa at det ikkje fanst nokon betre. Smith og Davidson hadde spelt i lag i eit tidlegare band.
Han var ein av tre medlemmar i gruppa som skreiv songar. Han skreiv hitten deira «Catch Us If You Can» i 1965 og medverka på fem andre songar på filmmusikkalbumet Having A Wild Weekend. Han skreiv òg på «Crying Over You» og «When» for albumet deira Coast to Coast i 1965. Han song solovokal på «Everybody Knows» i 1967, som nådde andreplassen på den britiske singellista.
Davidson vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i mars 2008 i lag med dei andre medlemmane i bandet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lenny Davidson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.