Denis Archibald West Payton (11.
august 1943–17. desember 2006) var ein engelsk musikar som spelte tenorsaksofon, barytonsaksofon, gitar og munnspel i The Dave Clark Five.
Denis Payton | |||
| |||
Fødd | 11. august 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Walthamstow i Essex i England | ||
Død | 17. desember 2006 (63 år) | ||
Dødsstad | Bournemouth i Dorset i England | ||
Fødenamn | Denis Archibald West Payton | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960- og 1970-åra | ||
Sjanger | pop, rock, Beat, jazz | ||
Instrument | Saksofon, munnspel, gitar, korvokal | ||
Tilknytte artistar | The Dave Clark Five | ||
Plateselskap | Columbia (EMI), Epic | ||
Verka som | saksofonist, eigedomsagent |
Som tenåring spelte Payton i eit jazzband med han studerte for å bli elektrikar. Gjennom bandet sitt vart han kjend med andre band og vart ofte invitert til å spele med desse banda, og han flytta frå eit band til det neste. Slik vart han kjend med Dave Clark, leiaren for Dave Clark Five with Stan Saxon. Då Saxon, som spelte saksofon og stundom song, slutta i 1962 i lag med den andre saksofonisten Jim Spencer, vart gruppa kalla Dave Clark Five og Denis Payton tok over som saksofonist i bandet.
I dei tidlege åra spelte gruppa til Dave Clark mykje instrumentalmusikk. Gradvis endra gruppa repertoaret sitt frå jazz og dansemusikk til pop. Bandet fekk fleire hitsinglar som Payton spelte på. Payton var òg medlåtskrivar i lag med Dave Clark på mange av songane til bandet. Gruppa vart oppløyst i 1970 og Payton vart eigedomsmeklar i Bournemouth, men fortsette å spele på fritida.
Payton døydde i desember 2006, 63 år gammal, etter å ha hatt kreft nokre år.
The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 10. mars 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Denis Payton, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.