Den hebraiske forma av namnet er דָּנִיֵּאל, uttalt Dāniyyêl (moderne Daniyyel). Den arabiske forma av namnet er Danyal og den persiske Dâniyal. Ei italiensk form er Daniele, ei anna Danilo, som også finst i Brasil og tidlegare Jugoslavia.
Ei utbreidd kortform av namnet er Dan, ei anna er Danny.
Kvinnelege former av namnet er Dani, Danitza, Danielle og Daniella.
Bruken av namnet i Noreg
Namnet har tradisjonelt vore mykje bruka i Noreg, men bruken gjekk jamt attende utover 1900-talet inntil han fekk eit kraftig oppsving i 1990-åra.
I folketeljinga frå 1801 var det 1441 som hadde namnet i formene Danel, Daniel, Danield, Danil, Danild, Danjel, Danniel
I 1900 var det 2627 personar som var listeførte med namneformene Danel, Daniel, Danield, Daniell, Danil, Danild, Danjel, Dannel, Dannell, Danniel, Dannil
I 2008 var det 13 640 som hadde Daniel som første fornamn
I 2011 var det 15 404 som hadde Daniel som første fornamn
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Daniel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.