Daniel I Bibelen

Daniel (arameisk og hebraisk דָּנִיֵּאל, Dāniyyêl, 'Gud er dommaren min', gresk Δανιήλ, Daniḗl) er hovudpersonen i Daniels bok i Den hebraiske bibelen og Det gamle testamentet.

Daniel i Bibelen
Daniel I Bibelen
FøddJerusalem
DødBabylon
Opptrer iDaniels bok, Susanna i badet
Identifisert medDaniel i rabbinsk litteratur, Daniel i islam
LandKongedømmet Judea, Babylonia, Medo-persia
Daniel I Bibelen
Daniel i løvehola, verna av ein engel. Måleri ved François Verdier.

Boka fortel at Daniel som ung mann blei ført av stad saman med tre venner i utlegd i Babylon der han blei utdanna i kaldeanske språk og kultur, men han gjekk aldri over til deira religion. Gjennom guddommeleg visdom frå sin eigen gud, den jødiske Jahve, tolka han draumane og visjonane til kongane, og blei såleis ein framståande figur ved hoffet i Babylon. Til sist hadde han eigne apokalyptiske visjonar som er blitt tolka som Dei fire verdsmonarkia.

Nokre av dei best kjende forteljingane i Daniels bok, som det blir hevda han skreiv sjølv på 500-talet f.Kr., er om Shadrak, Meshak og Abed-Nego, dei tre følgjesvennane hans som fekk trua si prøva ved å bli kasta i ein brennande omn; Skrifta på veggen der ei overnaturleg handskrift føreseier undergangen til det babylonske riket; og Daniel i løvehola, der han overlever denne prøvinga med guddommeleg hjelp.

Daniel blir rekna som ein profet innan kristendommen og av islam, men i den rabbinske litteraturen er han ikkje lista saman med profetane, og er dermed ikkje rekna som ein profet i jødedommen.

Det moderne teologiske synet forstår forfattaren av Daniels bok ikkje som Daniel sjølv, men ein anonym forfattar som levde i den makkabeiske perioden under Antiokos IV Epifanes i løpet av 100-talet f.Kr. og som sette saman oldtidslegender med ein pseudepigrafi beståande av «visjonar».

Merknadar

Kjelder

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Daniel i Bibelen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.

Tags:

ArameiskDaniels bokDen hebraiske bibelenDet gamle testamentetGresk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TveitaCelsiusEirik BrandsdalFylkesveg 62Kristian IV av Danmark-NoregMogopMaiken Caspersen FallaFreie Demokratische ParteiVM i fotball 2006PadleneUsbekistanRitornellSamisk musikkMardalsfossenStareFranklin D. RooseveltSamisk kulturMerlionTanzaniaKim HaugenInternasjonal telefonkodeNazistMorsdagSothøneToyota Motor CorporationAndSpeleautomatKriminalitetOperahuset i OsloKolonialhandelAndalucíaDiktEuropaJonsereds Fabrikers ABMoldedialektSenterpartietSlåttevikMaud av NoregSildekongeC++FlammepunktWright-brørneBondelungeOkhotskhavetDag RiisnæsJebel Akhdar i OmanBlåmannSilvia av SverigeAsbjørnsen og MoeLønnSterke substantivNoahÅMarte GerhardsenISBNAttila Horvath25. aprilPortugalKongsberg SølvverkJaran DammannGaysirLohengrin sjokoladeCowboy-LailaBergen kommuneHomofiliSoparElvis PresleyJenteSandnesGarnHadjVelosipedPolitiDigital object identifierLinn UllmannSandveISOKortnebbgåsItaliensk🡆 More