Svarteboka eller Cyprianus er tittelen på handskrivne bøker basert på ein europeisk avskrifttradisjon.
Bøkene inneheld medisinske råd og magiske formular. Ritual og tiltak mot påtrolla sjukdom på husdyr utgjer størstedelen av stofftilfanget i svartebøkene som er knytt til jordbruk. Menneskeleg sjukdom er også godt representert i denne gruppa svartebøker. Det finst også militære svartebøker. Desse har gjerne innslag av formlar om korleis ein skal døyva sverd og forgjera børser eller bli usårbar, slik at korkje hogg, stikk eller kuler skal bite på ein. Her finst også oppskrifter på korleis ein skal få kvinner til å bli forelska i seg, vinna i spel osb.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svarteboka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.