Trollmann, trollkar eller trollkall er nemningar for ein mann som ein meiner kan utføra trolldom.
Den kvinnelege motparten er trollkjerring eller heks. Det finst førestillingar om trollmenn i ei rekkje kulturar, og dei opptrer i ulike roller i litteraturen. Nokre kjende oppdikta trollmenn er mellom anna Merlin i kong Artur-soga, Gwydion frå walisisk mytologi, og Harry Potter i Harry Potter-universet frå moderne litteratur.
I mange ulike samfunn finst eller har det vore førestillingar om at visse menn kan utføra trolldom. Dette kan vera knytt til ein utbreidd religion eller folketru, som sjamanisme eller animisme, eller eksistera på sida av ein religion som ikkje godtek trolldom, som kristendom eller islam. I europeisk tradisjon finst til dømes Svarteboka, ei samling oppskrifter på lækjemiddel og magiske formular tilskrivne Cyprianus, ein trollmann i nokre tradisjonar. Under hekseforfølgingane i Europa blei også ein god del menn drepne som trollmenn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trollmann, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.