Figuren Harry Potter: Figuren

Harry Jakob Potter er hovudfiguren i Harry Potter-serien.

Han er fødd 31. juli 1980. I bøkene er han skildra som spinkel og låg for alderen, med grøne auge og svart hår. I filmane blir Harry Potter spelt av Daniel Radcliffe.

Harry Potter
Figuren Harry Potter: Historia bok for bok, Karakteristikk, Kjelder
Fullt namn Harry Jakob Potter
Originalnamn Harry James Potter
Alias Guten som overlevde og Den utvalde
Fødd 31. juli 1980
Art Menneske og tollmann
Blodstatus Halvblods
Titlar Tretrollmannsdeltakar
Kjønn Mann
Hårfarge Svart
Augefarge Klåre grøne
Hudfarge Ljos
Hambuse Desperant
Skytsverje Kronhjort
Yrke Svartespanar
Galtvorthus Griffing
Lojalitet Galtvort

Harry er ein trollmann. Dette er ein eigenskap han har frå foreldra sine, Jakob og Lilly Potter. Den synske heksa Rakel Rummelfiold såg i ein profeti at Harry skulle verta den som kunne sigra over den vonde Fyrst Voldemort. Profetien hennar lydde slik:

    «Han med makt til å knuse Myrknherren er på veg … Han skal setjast til verda hjå dei som tre gonger har trassa Myrknherren, når den sjuande månaden døyr … Myrknherren skal varast han som sin like, men han skal eige krefter som er Myrknherren ukjende … Den eine må døy for den andre si hand, for så lenge begge lever, kan ingen av dei leve … Han med makt til å knuse Myrknherren, skal fødast når den sjuande månaden døyr …»

Voldemort fekk vita dette, og då Harry var eitt år gamal, prøvde Voldemort å drepa han. Han klarte ikkje det, fordi Harry var beskytta av kjærleiken frå mora. Men Harry fekk eit arr i panna, og foreldra hans døydde. Etter denne hendinga, forsvann Voldemort sporlaust.

Figuren Harry Potter: Historia bok for bok, Karakteristikk, Kjelder
Harry Potter er kjend for å ha eit arr i panna si, forma som eit lyn.

Harry veks opp saman med tanta si, Petunia Dumling, som er ein gomp (ikkje-magikar), og familien hennar. Dei seier til Harry at foreldra hans døydde i ei bilulukka, og fortel han ingenting om den eigentlege bakgrunnen hans, fordi dei ikkje likar noko som har med den magiske verda å gjera. Familien Dumling behandlar Harry svært dårleg, særleg samanlikna med søskenbarnet Dudleif, som er jamgamal med Harry. M.a. må Harry bu i eit skåp under trappa. Truleg gjorde dei livet hans surt i den trua at det ville pressa magien utav han.

Historia bok for bok

Harry Potter og De vises stein

Når Harry er 11 år gamal, får han vita at han er ein trollmann og skal gå på kostskule ved magiskulen Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Familien Dumling prøver å hindra han i å ta imot brev frå skulen, men til slutt kjem trollmannen Gygrid, som er vaktmeister ved Galtvort, heim til dei og hentar han.

Når Harry kjem til Galtvort, tek det ikkje lang tid før han får seg ein erkefiende, Draco Malfang, og to bestevener Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Desse følgjer han gjennom heile historia.

Voldemort har no kome attende etter å ha vore vekke i ti år. Han er no på jakt etter dei vises stein. Han har ikkje eigen kropp, så han brukar baksida av læraren i Forsvar mot svartekunster, professor Krengle som vertskropp når han kjem til Galtvort for å leita etter steinen. Men Harry kjem for å stoppa han, og Voldemort kan framleis ikkje skada Harry, så han får ikkje tak i steinen. Han forlet då kroppen til Krengle, så Krengle døyr.

Harry Potter og Mysteriekammeret

I denne boka må Harry kjempa mot den yngre utgåva av Fyrst Voldemort, Tom Dredolo Venster. Voldemort har nemleg lagra litt av sjela si i ein Malacrux i form av ei gamal dagbok, og denne dagboka tek kontroll over Gulla Wiltersen, systera til Ronny, og får henne til å sleppa laus Venster sjølv og basilisken hans. Harry drep til slutt basilisken, øydelegg boka og reddar Gulla.

Harry Potter og fangen fra Azkaban

Figuren Harry Potter: Historia bok for bok, Karakteristikk, Kjelder 
Harry sin skytsverge.

Sirius Svaart, som vart dømt for å ha drepe mange gompar, rømer frå magikarfengselet Azkaban. Han var gudfaren til Harry, og ein god ven av Jakob Potter. Harry trur at det var han som fortalde Voldemort kor foreldra hans var. Det viser seg seinare å vera feil, og Svaart, Harry og venene hans får tak i den eigentlege syndaren, Petter Pittelpytt, som også hadde gjort brotsverket Svaart var fengsla for. Diverre rømmer Pittelpytt, og Svaart vert ikkje reinvaska og må gå i dekning.

Harry Potter og ildbegeret

Harry Potter må vera med i Tretrollmannsturneringen, trass i at han ikkje meldte seg på sjølv, og at han er for ung, og at tre deltakarar alt er påmeldte. Han vinn turneringa saman med Fredrik Djervell. Men når dei saman tek tak i pokalen som skal visa at dei har vunne den siste konkurransen, viser det seg at pokalen er ein flyttnøkkel, som sender dei langt av garde til ein kyrkjegard. Der ventar Fyrst Voldemort og Petter Pittelpytt. Pittelpytt er i ferd med å laga ein ny kropp til Voldemort, og for å få dette til, må dei ha blod frå Harry. Voldemort får ein ny kropp, Pittelpytt drep Fredrik Djervell og Voldemort prøver å drepa Harry, men lukkast ikkje. Harry kjem attende til skulen med pokalen og liket av Djervell. Nesten ingen vil tru han når han seier at Voldemort er attende.

Harry Potter og Føniksordenen

Harry må i starten av boka redda Dudleif Dumling frå desperantar. Etter dette prøver magiminister Kornelius Bloeuf å få han fengsla, det er nemleg ikkje lov for mindreårige å bruka magi utanfor skulen. Dette lukkast han ikkje med. Bloeuf vert då rasande, og han plasserer Venke Dolorosa Uffert ved Galtvort. Ho vert Harry sin nye lærar i Forsvar mot svartekunster. Ho lærer dei ingenting, fordi ministeren meiner at dei ikkje treng læra å forsvara seg mot eit trugsmål han ikkje ser, og Harry startar si eiga ulovlege studiegruppa, som dei kallar Humlesnurr-legionen, der han lærer andre elevar magi som kan forsvara dei mot Voldemort og dødsetarane hans.

Voldemort ynskjer å få tak i profetien som omhandlar han og Harry, så han lokkar Harry til Mysterieavdelinga, ved å telepatisk overføra ein visjon om at Sirius Svaart er fanga der. Harry må dit fordi dei einaste som kan opna ein profeti er dei som profetien omhandlar, og Voldemort vil ikkje gå inn sjølv, av frykt for å verta oppdaga.

Harry tek med seg fleire av venene frå Humlesnurr-legionen til Mysterieavdelinga, der dei i staden for Svaart møter ei gruppe av Voldemort sine Dødsetarar. Studentane slåst tappert med Dødsetarane, og til slutt kjem det vaksne, frå Føniksordenen og hjelper dei. Svaart vert drepen av Bellatrix DeMons.

Etter denne hendinga, vert Harry trudd, og omverda får vita at Voldemort er laus. Bloeuf får sparken som magiminister.

Harry Potter og Halvblodsprinsen

No kallar folk i magi-verda Harry for «den utvalde», etter at avisa Aftenprofeten har skrive om profetien.

Harry får tak i ei skulebok som har høyrt til Halvblodsprinsen, der det står mange formlar som gjer at Harry får svært gode karakterar i faget eliksirar. Denne halvblodsprinsen viser seg seinare å vera læraren Severus Slur, som Harry aldri har kome overeins med.

Harry og Humlesnurr legg ut på reis for å få tak i resten av Voldemort sine Malacruxar, fordi Humlesnurr trur at det er dei som gjer han udøyeleg. Dei finn staden der ein av Malaruxane er, men nokon har alt teke han vekk derifrå.

Når dei kjem attende til skulen, er Humlesnurr svak og sliten. No får Harry det endelege provet på at Draco Malfang er ein Dødsetar. Han har nemleg som oppdrag å ta livet av Humlesnurr. Men Malfang taklar ikkje presset, så dobbeltagenten Severus Slur drep Humlesnurr med Avada Kadavra-formelen. Dette måtte Slur gjera fordi han hadde avlagt ein eid mot Narcissa Malfang om at han skulle hjelpa Draco med oppdraget.

I slutten av denne boka kunngjer Harry at han ikkje vil gå vidare på Galtvort.

Figuren Harry Potter: Historia bok for bok, Karakteristikk, Kjelder 
Harry Potter (Daniel Radcliffe), Rulle Wiltersen (Gleeson) og Lulla (Evanna Lynch).

Karakteristikk

Personlegdom

Ifølgje Rowling er Harry sterkt leia av samvita si, og har ei skarp følelse av kva som er rett og gale. Ho seier òg at Harry sine to verste trekk er «raseri og sporadisk arroganse».

Eigedelar

Potter har ei ugle som heiter Hedvig som kjæledyr. Denne snøugla kjøper Gygrid til Harry på elleve års dagen hans. På andre språk heiter Hedvig;

Kjelder

Tags:

Figuren Harry Potter Historia bok for bokFiguren Harry Potter KarakteristikkFiguren Harry Potter KjelderFiguren Harry PotterDaniel RadcliffeHarry Potter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Verktøyet filGiovanni Pierluigi da PalestrinaMøreEstlandJohann Sebastian BachBirger EriksenOnamJon FosseWalisiskSekulærH.C. AndersenLangemannBuAfrikansk matJernsulfatBerlinmurenBrønnøymålYngleknoppKrøllparentesLilleAlexander RybakKateríniGalileo GalileiMaterialismeKöppen si klimaklassifiseringKlaus Peter NickelCoahuilaEirik RaudeIransk geografiCosta RicaHVACAndre pinsedagTower of LondonForbundsrepublikkJaguarBybanen i BergenHollandSiddisTidslinje over norsk historieArtemisUnicornDío-ÓlymbosTinghaug i KleppSlaget ved SvolderNaruhito av JapanFlatbrødCanadaNamibiaMoesgård MuseumIkonostasSotraKaukasushjortKnekkebrødNidarosdomenHarrVaktelVidar DavidsenMS «Trollfjord»SverigePuddelrockAtenHaakon Magnus av NoregBiologisk systemØrnImperialismeNepotismeBergenHalloweenEngelskLevestandardBoom Boom av EmmyEmilie Enger MehlHosangerJarle TråTrykk🡆 More