Buttsnutefrosk: Amfibieart

Buttsnutefrosk eller vanleg frosk (Rana temporaria) er eit amfibium i ordenen halelause padder.

Buttsnutefrosk
Buttsnutefrosk
Buttsnutefrosk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av buttsnutefrosk
Utbreiinga av buttsnutefrosk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Amfibium Amphibia
Orden: Halelause padder Anura
Underorden: Neobatrachia
Overfamilie: Ranoidea
Familie: Halelause padder Ranidae
Slekt: Froskar Rana
Art: Buttsnutefrosk R. temporaria
Vitskapleg namn
Rana temporaria

Han er den amfibiearten som finst lengst nord i Eurasia, og er den mest utbreidde froskearten i Noreg.

Buttsnutefrosk er som alle norske amfibium og reptil freda. Han er likevel nokså vanleg i Noreg, og er ikkje rekna som truga.

Skildring

Buttsnutefrosk: Skildring, Utbreiing, Levesett 
Gulbrun hofrosk.

Fargane til frosken varierer ein del med temperaturen. Oversida er brun, raudbrun eller gråbrun med mørke teikningar, særleg på bakbeina. Undersida er lys, gjerne med mørke flekkar. Buttsnutefrosk skil seg frå spissnutefrosk ved at han har buttare snute og kan bli litt større, rundt 7-10 cm lang. Vanleg frosk og spissnuta frosk er såpass like at dei fleste vil ha vanskeleg for å sjå skilnad på dei. Det sikraste skiljeteiknet er songen til hannane om våren.

Utbreiing

Buttsnutefrosk finst i størsteparten av Europa, med ei sørgrense sentralt på Den iberiske halvøya og nord i Italia, Hellas og Bulgaria. Austgrensa går vest i Sibir og nord i Kasakhstan.

Buttsnutefrosk er ein robust art med små krav til leveområdea. I Noreg finst han over heile landet opp til 1000 meter over havet. Det finst spreidde bestandar i fleire fjellområde, og det høgaste frosken er funne er 2700 moh. i Pyreneane.

Buttsnutefrosk: Skildring, Utbreiing, Levesett 
Froskeegg.

Levesett

I nord føretrekk arten å gyta i dammar med ei relativt grunn strand i sola, men han gyt òg i tjern og gardsdammar. Vanleg frosk finst sjeldan i dammar med fisk, og egg og rumpetroll toler ikkje like surt vatn som spissnutefrosk. Vanleg frosk gyt difor gjerne i mellombels vassamlinger. Artsnamnet temporaria tyder 'mellombels'.

I april-mai (avhengig av klima), så snart isen går, samlar begge kjønn seg til gyting i gytedammen. Hannen lokkar med ein vedvarande knurrande «rrrrrrrr». Hoa legg dei 400-2000 egga i faste geléklumpar. Eggklasane vil oftast søkke til botnen, men flyt gjerne opp i seinare fasar av utviklinga. Larvane (rumpetrolla) går på land i juli-august og blir kjønnsmodne etter 2 til 3 år. Arten overvintrar som oftast på botnen av ein dam eller bekk, der han pustar med huda for å få oksygen.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Buttsnutefrosk: Skildring, Utbreiing, Levesett  Commons har multimedium som gjeld: Buttsnutefrosk
Buttsnutefrosk: Skildring, Utbreiing, Levesett  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Buttsnutefrosk SkildringButtsnutefrosk UtbreiingButtsnutefrosk LevesettButtsnutefrosk KjelderButtsnutefrosk BakgrunnsstoffButtsnutefroskAmfibiumFroskHalelause padder

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

2088GeriljaKirkeristenØrjeHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorMagnus CarlsenBook of KellsIdas sommarvisaPanterGudbrandsdalenDen franske revolusjonenAvlídaBobby Brown Goes DownHellasKate BushPetter NorthugScrabbleAsbjørnsen og MoeÆrfuglSigmaTanjung MorawaRMS «Titanic»yz1ziFlaggRagnvald BrusessonNasjonaldyrYr.noGrodagenNatriumPrins Harry, hertug av SussexWayback MachineCountryManchester CityNazismeOperahuset i OsloBesjAlexandra GjerpenVictoria av StorbritanniaDygdsetikkDomnístaGlukoseKjærleikTidslinje over norsk historieSamleieChampions League2002TrymskvidaDie WellePenisApureVoilà av Barbara PraviArian EngebøKinetisk energiAngelina JolieKon-Tiki-ekspedisjonenChristianiaVestlandetKubikkmeterKlimaFlekkerøyJens StoltenbergHVACA Whiter Shade of PaleSildPortugalDamplokomotivGoogleTalordAn-MagrittPintStøvsugarDaddelRekreasjonGrønland🡆 More